Onsdag kom dommen i Høgsterett, som slår fast at Løyva Nordic Mining har fått er ugyldige. Miljøvernarane var raskt ute med krav om stopp av gruvedeponiet i Førdefjorden.

Men Regjeringsadvokaten var like snar med å presisere at dommen ikkje betyr omegåande stans av deponeringa.

– Det betyr ikkje at produksjonen må stanse, men som Høgsterett heilt tydeleg seier så betyr det at regeringa må vurdere saka på nytt og det vil dei gjere no. Dommen vil bli følgt opp nøye, seier regjeringsadvokat Karen Mellingen til Firda.

Ho har ført saka for Klima- og miljødepartementet i Høgsterett.

– Saka skal no til ny handsaming i departementet. Kan du kort forklare kva den vidare saksgangen blir?

– Det kan eg ikkje gå innpå endå. Men det eg kan seie er at denne saka har hatt, og har framleis høgste prioritet i departementet, seier Mellingen.

Tapte i Høgsterett

Sjølve kampen frå miljøvernarane si side er svært langvarig: I 18 år har Naturvernforbundet og Natur og Ungdom arbeidd for å forhindre deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Dei gjekk i 2023 til søksmål mot staten.

Der fall det ein dom i Oslo tingrett i januar 2024, der miljøorganisasjonane først tapte på alle punkt. Saka vart anka, og vart behandla i Borgarting lagmannsrett i juni i fjor.

Les også

Staten tapte i Førdefjord-saka. Miljøvernarane krev stopp i deponeringa

Lagmannsretten konkluderte med at alle løyva – frå begge departementa og frå Miljødirektoratet – var ugyldige. HEr vart det peika på at dei var gitt i strid med vassdirektivet og vassforskrifta.

Staten valde å anke, og det er dommen frå denne ankesaka som no har falle.

Må også dekke sakskostnadane

Høgsterett kom der fram til at dei fire vedtaka i søksmålet er ugyldige, og at anken vert forkasta. Dette innebar at vedtaka knytt til gruvedrifta er ugyldige, kjem det fram frå dommen.

Der vert det også gjort klart at staten må dekke sakskostnadane.

Les også

– Eg klarer ikkje slutte å grine

Les også

Staten tapte i Førdefjord-saka. Miljøvernarane krev stopp i deponeringa