Det er noko med å gjere det ein kan, det ein kjenner, og det som ligg i blodet. Polske Bloober Team har dei siste åra bygd seg opp som eit namn å følgje med på når det kjem til skrekk og gru. For nokre år sidan gjorde dei grei suksess med The Medium, og i fjor lanserte dei knallsterke Silent Hill 2 Remake.
Med det var deira namn etablert.
I år er dei tilbake med noko nytt, noko eige, og noko uhyre stemningsfullt. I Cronos: The New Dawn tek dei oss med til Polen, ein dystopisk helvetesversjon av Polen. Det er dystert, bleikt, livlaust og forvrengt. Vi møter bygningar som har stått tomme i fleire tiår. Enten er det støv, skit og rust som har ete opp det som ein gong var eit livleg samfunn, eller så har organisk materie vakse over det og dekt det i vrengde kroppar som får det til å sjå ut som om du vandrar på innsida av ein kropp oppeten av pest og kolera.
Lekkert.
Dette spelet osar stemning.
Øystein Furevik/Gamer.no
Alt er død
Vi tek på oss rolla som ein reisande. Kven du er er irrelevant. Du er eit ansiktslaust vesen i ei dykkardrakt med ein dominerande hjelm som skjuler kven du er. Du er ein av mange. Mange kom før deg, og deira spor finn du kvar enn du går. Din jobb er diffus, men sakte, eit steg om gongen vandrar du inn i ei mørk og guffen verd der kvar lyd er eit teikn på at du eigentleg ikkje er aleine.Målet er å hente ut essensen av folk som døydde i fortida, før hendinga som øydela verda.
Cronos: The New Dawn er kaldt, guffent, ekkelt. Vi møter forvirta restar av ei austblokkland prega av brutalisme og fleire tiår gamle idear om science fiction. Tåke og støv heng tjukti lufta, og du ser sjeldan langt. Du navigerer alt frå opne område der kva som helst kan kome ut av disen, til tronge korridorar med slitne dører som kan skjule noko uhyrleg bak ein kvar krok. Dei er der sjeldan, men når dei brått er der, er dei for nære, for tidleg.
Spelet køyrer stødig på prinsippet om at mindre er meir. For det meste vandrar du gjennom den bitande, ufyselege stemninga. Du høyrer lydar. Surklande lydar. Hvesande lydar. Gurglingane av nokon eller noko som blir kvelt av seg sjølv. Over deg trykker dunkel musikk, dystre, mørke droner som et opp heile lydbiletet og trykker deg ned i det som hadde vore gjørma om alt liv ikkje var borte, og den einaste rest var sand.
Ein stad blir noko velta overende.
Monstra er få, men livsfarlege. Brått, uventa, og ein sjeldan gong i overveldande mengder er dei på deg. Utviklarane har henta ikkje reint lite inspirasjon frå sjangerklassikaren Resident Evil 4 her. Du må sikte før du kan skyte, du kan ikkje springe og sikte samstundes, og sjølv om tempoet er sakte, kan ting skje veldig fort.
Du har gjerne for mange fiendar, og for lite ammo.
Øystein Furevik/Gamer.no
Den desperate jakta
Di største utfordring er inventaret ditt, og den konstante mangelen på ressursar. Alt tek plass. Kvart våpen tek plass, har du ei knipetang for å kutte kjettingar tek den plass. Ammo tek plass, drivstoff for flammekastaren tek plass. Finn du noko verdifult du kan selje for pengar, tek det plass. Alt tek plass, men du har alltid for lite.
Nokre gongar må ein gjere heslege val der ein må legge frå seg ammo for å kunne få med seg noko anna, og dette kan vere den type val som gjer den neste timen uuthaldeleg vanskeleg, men det er i desse situasjonane spelet er på sitt beste.
Sjølv når du trur du har eit godt utgangspunkt kan spelet sende fleire bestialske monster din veg, kanskje bommar du på eit skot, kanskje må du brått lade om, eller du dynkar fiendane i flammar berre for å oppdage brukte den viktige ressursen for tidleg. Fleire er på veg. Små avgjersler får uhyre mykje å seie, og det er eit tungt, taktisk element over spelet. Det finnest alltid ei rå, ingenting er umogleg, sjølv om du står der med halvt magasin og møter det verste du så langt har stått ovanfor.
Ein leitar gjennom alt, berre for å få nokre skarve kuler. Kanskje finn du ei, kanskje to, kanskje noko å lage kuler av. Det får halde, men kanskje er livslina di raud, og du bør bruke ressursane der. Kampen om ressursane er konstant, og alt handlar om ha reservere det du har lenge nok til at du kan kome deg fram til eit trygt rom der du kan lagre, forhåpentlegvis hamstre litt ammo, samt oppgradere utstyret ditt.
Eld er din ven.
Øystein Furevik/Gamer.no
Skrekk for alle
Det eg kanskje likar aller best med Cronos: The New Dawn er at det set meir kjensla av å alltid vere i livsfare i deg, meir enn det faktisk set deg i livsfare. Dette spelet er tilgjengeleg, og om du er uhyre dyktig i nettopp denne typen spel vil du mest av alt kose deg med den gode stemninga.
For alle andre er det ein kamp for å overleve, men ikkje ein umogleg kamp. Dei fleste møte med fiendar vil du kome greitt unna, men gjerne ikkje utan å ha mista ei kule for mange, eller fått eit slag for mange, rett etter at du kjøpte og brukt litt medisin du tenkte du skulle leve lenge på.
Bloober Team har gjort nokre kloke val for å oppna dette. Våpna kan til dømes avfyrast på to måtar. Trykk inn knappen for eit enkelt skot, eller halde den inne for eit kraftigare skot. Du veit du må bruke det andre alternativet, men dei sekunda tar så lang tid, og fienden kjem nærare og nærare medan du ventar på at skotet skal gå av. Eld er òg uhyre viktig. Fiendane kan ete andre fiendar for å bli større og sterkare, og det mest effektive middel mot dette er å brenne dei opp, med dei få ressursane du har.
Det er stemninga som er kongen her. Den er heilt nydeleg. Den er annleis, fæl, men og veldig interessant. Kombinasjonen av det fascinerande visuelle uttrykket, det tunge lydbiletet, og ikkje minst alt du finn i verda rundt deg, er trykkande. Vi er vande med å sjå korleis vestlege utviklarar tolkar eit land i krise, men vi er ikkje fullt så vande med å sjå det same frå eit austleg land.
Resultatet er fascinerande. Utan å seie for mykje merkar ein godt korleis dette er ei anna verd. Sjølv før katastrofa var det ei anna verd, og eg skulle nesten ynskje utviklarane hadde gått hardare inn på det. I det islandske actioneventyret Echoes of the End er alle skodespelarane islandske, til stor effekt. Det hadde vore fascinerande å høyre korleis Cronos: The New Dawn kunne blitt om Bloober Team prøvde seg på noko liknande.
Ein og annan gong må du manipulere terrenget litt.
Øystein Furevik/Gamer.no
Konklusjon
Cronos: The New Dawn er eit spel som osar av stemning. Det nærast dryp frå alle kantar, og dannar ein seig, tjukk dam du vassar gjennom. Stemninga er stjerna i spelet, for den gjennomsyrer aboslutt alt anna. Dette er den typen spel der du sjeldan tek sjansen på å springe, for du veit aldri kva du kan springe inn i, kva du kan springe forbi, og kva du kan miste om du tek for store sjansar.
Det er òg eit spel med ei fascinerande verd det er spanande å finne ut meir om. Spelet slår deg ikkje over hovudet med forteljinga si, men deler den ut sakte, bit for bit, og i så små dosar at mysteriuma er store, og svara få.
Om du treng noko dystert for å halde deg varm i det komande haustmørkret byr Cronos: The New Dawn på alt du treng. Her finn du ei desperat jakt på noko å drepe fiendar med, ekle organiske former som et opp alt rundt seg, forvridde monster som ein gong var menneske, og tragiske skjebnar du berre ser spor av.
Cronos: The New Dawn er i sal for Nintendo Switch 2, PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows 5. september.