Debattinnlegg

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I juni har Høgskulen på Vestlandet sett i gang eit arbeid med å vurdera konsekvensar av å flytta studieplassar mellom fakultet. Fleire har uttrykt uro og bekymring for arbeidet som no er i gang. Det må takast på alvor. Eg ønskjer i dette innlegget å informera om og opplysa saka.

Lat dette vera klart:

HVL og våre fem campus skal styrkast i åra som kjem. Våre utdanningar skal ha rammer for å utviklast i tråd med dei høgste ambisjonar. Erfarne og nye studentar som kjem til oss i august kan vera trygge på at dei vil møta sterke og stimulerande fag- og læringsmiljø i Haugesund, på Stord, i Bergen, i Førde og i Sogndal.

Me har høge mål for høgskulen på alle våre studiestadar. Men i tida me er inne i må heile HVL syta for å nå måla innanfor strammare økonomiske rammer. Dette er ein del av den nasjonale politikken. Dette har me arbeidd med over tid. For ein stor del lukkast me innanfor utdanning, forsking og nyskaping. Det å få meir ut av strammare rammer, gir også grunnlag for å tru at me kan halda fram og styrka utviklinga i rekrutteringa av studentar me har sett dei siste par åra. God studentrekruttering er avgjerande for heile høgskulen si utvikling.

Meir særskilt har det dei seinare åra kome tydelege signal frå Kunnskapsdepartementet om å dimensjonera utdanningstilbodet vårt i tråd med behova i samfunnet og innanfor nærare spesifiserte område. HVL har ansvar for å gjera dette og sjå til at løyvde ressursar kjem i bruk på beste vis. Departementet forventar at HVL prioriterer helsefag, lærarutdanningane, teknologi, sikkerheit, beredskap og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, og for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv.

Høgskulen har over tid hatt ein del tomme studieplassar. Det er studieplassar kor me ikkje har studentar. Fleire ledige studieplassar er knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Mykje av bakgrunnen ligg i at færre unge har valt utdanning til lærar- og barnehagelæraryrket dei seinare åra.

Lokalt og nasjonalt legg HVL ned eit omfattande arbeid for å styrka rekrutteringa av studentar til læraryrket, og for å utvikla utdanningane på eit vis som gjer dei meir attraktive for utdanningssøkande. Teikna til framgang me har hatt i 2025 og 2026 gir inspirasjon til å satsa vidare.

Men å driva med tomme studieplassar over tid er ikkje god bruk av ressursar. Me kan då vurdera å nytta kapasiteten og finansieringa som ledige studieplassar gir inn i andre utdanningar i høgskulen.
Dei siste åra har HVL hatt god søking til helsefaglege utdanningar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, men også til ingeniør- og teknologiske fag ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Her er eit tydeleg kompetansebehov og me kan ta opp fleire studentar. Skal me få til dette føreset det tilføring av meir ressursar i form av studieplassar som i dag står tomme.

Å flytta studieplassar og ressursar mellom fakulteta er inga enkel sak. Dilemma kjem opp. Mange moment må vurderast og vektast mot kvarandre. Desse perspektiva er viktige å få godt fram. Difor må det konsekvensvurderast.

HVL må uansett syta for ein fleksibilitet i dimensjoneringa. Om me lukkast med rekrutteringsarbeidet vårt og trendar snur, slik at utdanningar som i dag har ledige studieplassar i større grad fyller opp desse, må høgskulen kunna tilpassa seg situasjonen og tilføra ressursar og studieplassar att på ein god måte.

Signala frå departementet er å dimensjonera studieplassane våre i tråd med kompetansebehova rundt oss. Det er krevjande og det kan opplevast som motstridande. Men HVL har ansvar for å gjera det.

Difor går me ut i alle deler av høgskulen for å få fram konsekvensvurderingar der me kan få tydeleg fram oppsider og nedsider ved omfordeling av studieplassar. (https://www.hvl.no/aktuelt/konsekvensvurdering/).

Gjennom grundige konsekvensvurderingar kan heilskaplege vurderingar gjerast. Høgskulen arbeider med å få dette grunnlaget fram til styret, først i ei drøftingssak i september, so i ei vedtakssak i oktober.

Les også

Forslaget frå rektor vil få store konsekvensar for studietilboda ved FLKI samla sett

Les også

Me er overraska og skuffa over at Gunnar Yttri ikkje er samd med oss i dette

Les også

Det er få eller ingen større verksemder med suksess her i regionen som ikkje har ei tydeleg stadleg leiing