Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum gler seg over at Stortinget i dag endeleg har fatta vedtak om at Stad skipstunnel skal byggjast gjennom vedtaket om revidert nasjonalbudsjett. Vedtaket inneber ei investeringsfullmakt på 8,6 milliardar kroner. Dette gjer at Kystverket no kan gå i gang med arbeidet med bygginga av skipstunnelen.

Det melder Senterpartiet i ei pressemelding.

– Dette er eit prosjekt som kan gje store ringverknader langs kysten. Det vil gje tryggare ferdsel for alle som elles ville vore nøydde til å passere Stadhavet. Det vil gjere det mogleg å ha persontransport nord–sør på ein måte som tidlegare ikkje var mogleg på grunn av svært krevjande vêrforhold, seier Trygve Slagsvold Vedum og held fram:

Etter vedtaket inviterte Senterpartiet til markering med alkoholfri sider frå Nordfjord i lokala sine på Stortinget, der m.a. Innsatsgruppa for Stad skipstunnel deltok. 
Foto: pressefoto

– Dette er eit internasjonalt spektakulært prosjekt som òg kan bidra til auka turisme og satsing i næringslivet i regionen. Seinast i går møtte eg tre aktørar som alle hadde planane klare for tre store hotellprosjekt no som skipstunnelen skal byggjast. Dette er berre eitt av mange døme på umiddelbare ringverknader av denne store samferdselssatsinga.

Det har vore ei svært nedlatande haldning blant ein del Oslo-kommentatorar til dette prosjektet, meiner Senterpartiet. Mange av kommentatorane ber preg av at dei ikkje har sett seg godt nok inn i situasjonen langs kysten og kva enorme ringverknader prosjektet vil gje.

– Sjølv om både Støre og Stoltenberg var imot prosjektet, vil dette no bli røyndom. Eg håpar at desse på sikt òg vil sjå at dette er eit godt prosjekt for å byggje landet vårt, avsluttar Vedum.

Etter vedtaket inviterte Senterpartiet til markering med alkoholfri sider frå Nordfjord i lokala sine på Stortinget, der m.a. Innsatsgruppa for Stad skipstunnel deltok.