Det er ikkje lett å få tak i dei offisielle draktene.

Toni Lindebrekk hjå Sport 1 fortel om eit vanvitig sal.

– Salet har vore veldig bra, draktene har rett og slett foke ut døra. Dei originale draktene forsvann i løpet av ein time førre veke, seier Lindebrekk.

Då butikken fekk inn eit parti på torsdag, tok det under ein time før alt var vekk.

Mykje nettbestilling

Men det er slett ikkje sikkert det er vossingar som sit med draktene:

– 90 prosent av produkta rauk unna på bestillingar frå nettbutikken. Det er difor ikkje nødvendigvis vossingane som har fått tak i desse draktene.

I staden går det mykje i Umbro sitt retrokit og den offisielle VM-ballen.

Kjetil og Toni legg ikkje skjul på at dei gjerne skulle hatt meir å selja.

– Hadde me kunna, hadde me moka ut VM-drakter. Problemet ligg hjå leverandøren. Me har prøvd å få tak i så mykje som mogleg, men Noreg er tydelegvis ikkje stort nok til å verta prioritert. Dei prioriterer heller kanskje å senda ting til USA enn til Noreg, seier Lindebrekk.

Tomt etter Voss Cup

Hos S. Endeve Sport har situasjonen vore den same.

Andrii Yevgrafov fortel at draktsalet eksploderte under fotballturneringa førre helg.

– Me hadde stor pågang og selde veldig mykje under Voss Cup. Me hadde inne alle storleikar, men no er det heilt tomt for den offisielle VM-drakta. På sundag selde me ut den aller siste, seier Yevgrafov.

Andrii Yevgrafov visar fram utvalget av VM-drakter hjå S.Endeve Sport.
Foto: Jakob Astrup Sjøtun

Butikken førebudde seg godt og bestilte inn retrodrakter då dei visste at etterspurnaden ville bli stor.

Likevel er dei litt skuffa over at dei ikkje får tilgang på fleire offisielle drakter.

– Eg undrar meg over kvifor det ikkje er fleire drakter tilgjengeleg, fortel Stian Horvei hjå S. Endeve Sport.

– Leverandørane er tekne på senga

Ein av dei som gjerne skulle hatt tak i drakt er Malin Bruu.

Ho er på utkikk etter eit eksemplar til den store VM-anledninga neste fredag, då Noreg møter Frankrike.

Butikktilsett Andrii Yevgrafov meiner sportsgigantane har bomma på logistikken:

– Nike burde laga mykje fleire drakter, men no er det kanskje for seint. Leverandørane er tydeleg tekne på senga etter den store etterspurnaden.

Malin Bruu skulle gjerne hatt tak i den offisielle VM-drakta.
Foto: Jakob Astrup Sjøtun

Eit billigare alternativ for folk flest

Inne på Europris møter me Christine og Stina.

Humøret er på topp etter Noreg sin knallstart på VM mot Irak, natt til onsdag.

Butikken har seld store mengder VM-effektar til ein folkeleg pris.

– Me har selt drakter til 100 kroner, og det har gått veldig mykje av dei. Det er ein pris som passar for alle, slik at alle kan ta del i feiringa, fortel Christine.

Christine Kvam og Stina Mandelid Nilsen viser fram Europris sine VM-drakter.
Foto: Jakob Astrup Sjøtun

Hopp over karusellen.