Sivert Mannsverk (24) blir henta permanent til Sparta Praha frå Ajax, melder den tsjekkiske klubben på sine nettsider.

Årdølen var på lån i Sparta førre sesong, og no er han altså kjøpt for det som blir rapportert å vera ein overgangssum på 3,5 millionar euro.

Det svarar til nærare 39 millionar kroner.

Les også

Sivert hamna midt i absurd drama: – Kanskje det sjukaste eg har opplevd

– Eg er veldig glad. Eg trudde forhandlingane mellom klubbane ville enda godt og at Sparta ville klara å fullføra overgangen. Eg gler meg til å sjå karane igjen, seier Mannsverk etter å ha signert kontrakten.

Nøgde

Sportsdirektør Tomas Rosicky fortel at han er nøgd med at avtalen er i boks.

– Sivert er den typen spelar som bringer balanse til laget og hjelper til med å kontrollera midtbana. Han er også framifrå til å organisera spelet. Han vil ha ballen konstant og søkjer aktivt etter rom der han kan gjera seg tilgjengeleg for lagkameratane sine. Han har svært gode fysiske eigenskapar, er aggressiv og aktiv i duellar. Den kombinasjonen av fotballkvalitet og fysikk er akkurat det me treng frå dei djupe midtbanespelarane våre, seier den tidlegare Arsenal-playmakeren.

Les også

Sivert sat plutseleg att åleine. Då hoppa bestekameraten på flyet: – Eg set ekstremt stor pris på det

Han peikar vidare på at Mannsverk ikkje fekk spela i sin favorittposisjon førre sesong, men at dei let seg imponera over prestasjonane likevel:

– Han viste alltid arbeidsmoral og vilje til å setja laget først. Han er ein sterk karakter som ikkje er redd for å stå opp for lagkameratane sine og klubben. Han demonstrerte akkurat den mentaliteten me ønskjer å sjå. Det er difor me ønskte at han skulle halde fram hjå oss.