(Firda)
– Brannvesen og bonde rykker ut for å redde oksen, seier vaktkommandør Dan Inge Gjesdal i 110 Vest.
Redningsaksjonen går føre seg på eit utmarksbeite i Gulen.
Klokka 18.30 har brannvesenet nett kome fram til staden. 110 Vest har enno ikkje fått tilbakemelding frå mannskapet, men arbeidet med å få oksen laus er i gang.
– Korleis reddar ein ein okse på 700 kilo frå ei slik situasjon?
– Vi må bruke tau, stroppar og taljer for å prøve å løfte dyret opp. Kva løysing som fungerer best, får vi sjå når vi kjem i gang, seier vaktkommandør Stian Kvam.
Han fortel at det var bonden sjølv som oppdaga at oksen hadde sett seg fast.
Kvam veit førebels ikkje kor djupt ned i myra dyret har hamna.
Klokka 19.00 melde dei at arbeidet med å få laus oksa ville ta ein del tid.