– Håpet er at vasstanden ikkje har stige.
Det sa innsatsleiar i politiet, Morten Hagen, klokka 08:15.
Klokka 22:15 måndag kveld melde Vest politidistrikt at dei framleis gjorde søk etter Thomas Niiranen Hamre, som forsvann i Myklebustelva i Gloppen natt til søndag.
Politiet bekrefta til Firda like etter 10:00 at dei tar opp att leitinga i dag.

Les også
Går ut med namnet på den sakna mannen
Betre forhold
Hagen fortel at dei søkte til rundt midnatt i går, med både elveredning og drone. Søkeforholda måndag kveld var gode – og håpet i dag tidleg var at dei skulle halde seg slik.
Politiet reiste til skytebana i ura der Myklebustelva renn ut frå Sandalen for å gjere nye vurderingar tysdag morgon, og landa på å halde fram søket for tredje dag på rad. Vasstanden har blitt lågare gjennom gårsdagen og natta, noko som gjer det lettare for mannskapa å søke i områda dei meiner er mest interessante.

KREVANDE LEITFORHOLD: Elva renn gjennom ei stor ur, og det er tett vegetasjon langs breidda.
Foto: Jorid Lothe
Hagen fortel at båten skal ha blitt funnen på venstre side av elva der den deler seg, i eit stryk ovanfor skytebana i ura, ikkje så langt frå elveosen. Det er dette området dei tidlegare har konsentrerert seg om i leitearbeidet. Det vil bli søkte vidare her i dag, men det kan også bli leita langs elva ned mot Lonevatnet. Ved enden av vatnet ligg eit kraftverk. Politiet konsentrerer seg om å leite ovanfor dette.
Kallar inn frå heile regionen
Politi og Røde Kors vil no starte søk med drone og elveredning. Elveredning i søksområdet er vanskeleg grunna straumen og terrenget i elva, så Hagen seier dei har fokus på sikkerheit for mannskapa.

KALLAR INN: Elveredning er rekna som noko av det farlegaste ein redningsmann kan gjere, og det krev grundig kursing. Mannskap med kompetansen blir kalla inn frå heile regionen.
Foto: Jorid Lothe
Det blir kalla inn Røde Kors mannskap som har spesialisert seg på elveredning frå heile Sogn og Fjordane for å bidra.

LONEVATNET: Vatnet ligg nedanfor skytebana.
Foto: Jorid Lothe

Les også
Går over til søk etter antatt omkomen person