Like etter klokka 19 tysdag kveld fekk Hovudredningssentralen melding frå ein utanlandsk borgar om at han treng hjelp.
– Han opplyser å vera nedkjølt, men skal ikkje vera skada, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Mannen skal vera i området Kvanndalsleitet på grensa mellom Vik og Vaksdal. Det var først uvisst om vedkomande var i følgje med fleire personar, men det vart etter kvart klart at han er åleine og held seg i eit medbringa telt.
Frivillige er kalla ut for å gå i retning mannen. Røde Kors har fem personar på veg med ATV. Ein person møter med drone frå Norsk Folkehjelp, og Norske redningshundar stiller med to ekvipasjar.
I tillegg er redningshelikopter sendt frå Florø i forsøk på å få observasjon på vedkomande.
Oppdatering klokka 20.46: Dei frivillige melder til politiet at dei kan vera framme om cirka ein time. Redningshelikopteret klarte ikkje å fly heilt inn til personen grunna lågt skydekke. Mannen er framleis i teltet sitt, og er våt og kald. Det er dårleg mobildekning i området.
7-8 personar frå Vik Røde Kors Hjelpekorps er i beredskap dersom mannen ikkje klarar å gå ned att på eigne bein.