Klokka 17.20 fredag melder Alarmsentralen 110 Vest om eit større ras med stålrøyr i Lånefjorden.

– Det er stålrøyr som blir brukt i ein anleggstunnel under kraftutbygging som har rast nedover ein dal. Det er store skadar på bygg og bilar. Det er ikkje meldt om at det er personar som er tekne av raset, seier vaktleiar Tore Fanebust.

Brannvesenet er komne på staden. Røra har rasa ut av tunnelen og rasa nedover dalen. Det et eit stort og langt røyr, og det har gjort stor skade nedover.

– Det er folk som bur der som fekk røyret ned i tunet sitt som melde frå. Det er gjort skade på uthus og ein traktor mellom anna. Folk i området vert evakuerte, me veit ikkje om det kjem meir så me tek ingen sjansar.

Fanebust veit ikkje kor mange som er evakuerte.

– Me har fått kontakt med dei som jobbar i tunnelen i fjellet, og dei skal vera i god behald. Men området der må gjennomsøkast også. Det blir ei sak for politiet, dei er på veg, seier Fanebust.

Tunnelen er ein del av utbygginga av Kråkeelvi kraftverk i Lånefjorden.

Vest politidistrikt melder klokka 18.02 at det var vassrøyr under montering i ein anleggstunnel oppe i fjellsida som losna. Dei har treft ei garasje, ein traktor og ein liten kraftstasjon som er under bygging.

Her har røyra rasa ned dalen midt i biletet.
Foto: Renate Sæle