Ein overskya junidag leikar Sigrid Johansen saman med sonen sin Aksel Gaustad Johansen (1) på uteplassen ved ungdomshuset i Kvamsvågen.
At det ein gong har vore ei grusbane her, er vanskeleg å sjå. For her er vekstvilkåra for mose svært gode.
Midt i mosehavet står ei avfarga plastsklie heilt åleine, medan lauvskogen berre kjem tettare og tettare på.
– Det ser forlate og trist ut, seier Johansen og ser utover bana. Eittåringen leikar med småsteinar ved sida av.

Snart skal den einslege sklia få litt meir selskap på uteplassen. Ein ballbinge skal verte bygd ved sida av.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Lyktestolpane frå 90-talet er knapt å skimta mellom dei overgrodde trea. Tida då det yrte av leik og moro, er for lengst forbi.
– Det ser ut som at det ein gong var nokon som hadde det kjekt her, men ikkje no, seier Johansen.
Men snart kan du knapt kjenna att uteplassen.

Bygda arrangerer 17. mai feriring kvart år, og ungdomshuset har elles i året mange aktivitetar.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
– Heilt uverkeleg
Styret i Sambygdingen ungdomslag har lenge drøymt om å oppgradera uteplassen sin. Medan ungdomshuset glitrar i nystroken måling, var dei siste oppgraderingane på mosebana på 90-talet. Då bana stod ny.
Sigrid Johansen vaks sjølv opp i nabolaget, og har mange gode barndomsminner frå tida då grusbana var fersk. Ho hugsar spesielt fotballturneringane mellom bygdene og fotballtreningane dei hadde.
– Det var utruleg kjekt. Alle var samla. Eg var her heile tida, seier ho og mimrar tilbake.

Sigrid Johansen ser stort eit potensial i uteplassen.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Saman med broren, Øystein Johansen, tok ho initiativ til oppgraderinga. Då slang resten av styret seg med og sende søknad om tilskot til Sparebanken Norge.
Etter ei stund fekk Johansen ein telefon frå banken. Dei hadde valt å innvilga søknaden på 400 000 kroner.
– Det var heilt uverkeleg. Då tenkte eg at no får me det endeleg til, seier ho.

Sigrid Johansen og Mailin Bergås Hatten tek i mot tilskotet frå Sparebanken Norge under tildelinga tidlegare i juni.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
– Alle kan komma
Det finst nesten ikkje grenser for kva styret i Sambygdningen ungdomslag ønskjer å få til med uteplassen sin. Det skal koma både ballbinge, sykkelbane og sitjeplassar, om ikkje meir viss pengane strekker til.
På den måten kan folk i alle aldrar strøyma til leikeplassen, noko som har vore målet deira.

– Å ha ein møteplass lokalt i Kvamsvågen, vil styrka identiteten her. No stoppe jo ikkje folk her lenger, seier Johansen.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
– Me vil gje alle eit tilbod. Den eldre generasjonen kan komma og nyta kaffi etter ein tur, medan borna og ungdommane kan leika i ballbingen ved sida av.
Motorsag-entusiastar i aksjon
Etter sommaren skal ungdomslaget få svar på dei siste søknadane. Dei 400 000 frå banken dekkjer berre ein tredel av den totale summen for prosjektet.
– Om me ikkje får alt me ønskjer, er ballbingen hovudprioritet, seier Johansen og forsikrar at det uansett vert ei oppgradering.

Johansen håpar ballbingen vil stå ferdig til neste 17. mai. Den skal bli oppført til venstre for sklia.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Til hausten startar dugnadsarbeidet, der den overgrodde skogen er det første som skal nedkjempast.
– Me har mange ivrige motorsag-entusiastar, og så håpar eg at folk elles i bygda kjem for å hjelpa til med borna sine.
– Skapar identitet
Medan regnet yrer ned, leikar eittåringen seg i plastsklia. Trappetrinna er litt for høge til at han klarar å klatra opp sjølv, så mora må hjelpa han.

For å henta inspirasjon til prosjektet, har Johansen vore på liknande uteplassen og notert ned idear.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
– Det hender me kjem her for å leika litt i sklia, men elles blir ikkje bana mykje brukt.
Johansen ønskjer å gje det same til ungane i bygda, som ho fekk då ho vaks opp på 90-talet.
– Målet er at borna får eit anna forhold til heimstaden sin, og at det skjer ting her. Det er trass alt det som skapar identitet, seier ho.