Klokka 18.10 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt i fjellveggen på Fv15 Nordfjordvegen i Stad kommune.

Ulykka skjedde mellom Nesstranda og Åsneset. Naudetatane var raskt på staden.

Berre éin bil var involvert i ulykka, og det var berre ein mannleg sjåføren i bilen. Han klagar på smerter i skuldra og blir frakta til legevakt for undersøking.

Politiet har ikkje mistanke om ruskøyring.

– Bilen er totalvrak, skriv operasjonsleiar Morten Rebnord om dei materielle skadane.

Det er manuell dirigering forbi ulykkesstaden.

Klokka 19.41 melder Rebnord at bilen er henta av bilbergar, og at naudetatane avsluttar på staden.

Politiet opprettar sak på hendinga.