Kontrakten for totalentreprisen for Stad skipstunnel har ein verdi på om lag 5,6 milliardar kroner ekskl. mva. og skal signerast i august. Byggjestart er planlagd tidleg i 2027. Det melder Kystverket.
AF Gruppen vert tildelt kontrakten etter ein omfattande anbodsprosess, der tre tilbydarar var med i den siste forhandlingsrunden.
– Vi har vore heldige som har hatt dyktige og engasjerte tilbydarar med i konkurransen. Dei endelege tilboda kom inn i april, og etter ei vurdering vart det klart at AF Gruppen hadde det beste tilbodet. Vi ser no fram til eit godt samarbeid med ein erfaren norsk entreprenør i gjennomføringa av dette historiske prosjektet, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Totalentreprise
Kontrakten er ei totalentreprise. Det inneber at entreprenøren får ansvar både for prosjektering og bygging av Stad skipstunnel.
Entreprisen omfattar mellom anna bygging av ein 1700 meter lang skipstunnel gjennom Stad-halvøya, frå Kjødepollen i Vanylvsfjorden til Moldefjorden ved Selje. Tunnelen får ei høgd på 50 meter og ei breidd på 36 meter.
Arbeidet inkluderer i tillegg mellom anna bygging av entrings- og leiekonstruksjonar, opparbeiding av næringsområde ved tunnelportalane, frakt av steinmassar til eksterne mottakarar, sikring, fendring og tekniske installasjonar i tunnelen, samt utdjuping av skipsleia i Saltasundet ved Selje.
Etter tildelinga følgjer ein kort karensperiode før kontrakten kan signerast. Planen er å signere kontrakten etter fellesferien i august.
Byggjestart neste år
Før entreprenøren startar sjølve tunnelarbeidet, skal partane gjennom ein samhandlingsfase. Målet er å førebu anleggsstart, etablere gode samarbeidsrutinar og avklare potensielle utfordringar før bygginga tek til.
Samhandlingsfasen startar i august. Entreprenøren vil òg starte arbeidet med detaljprosjektering av sine leveransar.
– Dei store anleggsarbeida startar først i 2027. Før den tid kan det bli aktuelt med førebuande arbeid, som etablering av kontor- og bustadigg, tilpassingar på eksisterande vegar og etablering av anleggsvegar. Vi skal òg ha ut to underentreprisar no i sommar, for legging av vassleidningar og for å rive bygningar som står i vegen for skipstunnelen, seier prosjektsjef for Stad skipstunnel, Harald Inge Johnsen.
Ny kostnadsramme vedteke av Stortinget
Fredag 19. juni vedtok Stortinget ei ny kostnadsramme (P85) for prosjekt Stad skipstunnel. Den nye kostnadsramma er på 8.588 millionar kroner.
Etter Stortinget sitt vedtak har Kystverket òg motteke nytt oppdrag og tildelingsbrev frå Nærings- og fiskeridepartementet. Dette gjev Kystverket grunnlaget for å inngå kontrakt for totalentreprisen og gå vidare mot byggjestart av verdas første skipstunnel, skriv dei.