Nyhenda kjem også samme dag som Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Norske Lakseelever har meldt Nordic Mining til Økokrim.
– Eg meiner det ikkje er rimeleg å pålegge selskapet å stoppe deponeringa i den korte perioden medan vi vurderer søknaden, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til E24.
Høgsterett fastslo 17. juni at løyva til det omstridde Engebø-prosjektet i Sunnfjord er ugyldige. Domstolen konkluderte med at grunngjevinga frå 2016 ikkje oppfylte krava i EUs vassdirektiv. Trass i dette får selskapet Engebø Rutile and Garnet, som er eigd av Nordic Mining, halde fram med å deponere gruveavfall i Førdefjorden. Dette skjer medan ei ny søknad om mellombels løyve vert behandla.
Klima- og miljøminister Bjelland Eriksen meiner det er uaktuelt å stoppe drifta no.
Selskapet leverte ein søknad om mellombels løyve 21. juni, og departementet forventar at den er ferdigbehandla etter sommaren. Ministeren understrekar at ein stopp kunne skape uvisse for arbeidsplassar og svekkje tilgangen på kritisk råstoff.
– I den korte perioden som vil gå medan ein vurderer eit mellombels løyve, så vil ikkje deponeringa påverke miljøtilstanden i Førdefjorden, legg Bjelland Eriksen til.
Regjeringa vurderer Engebø-prosjektet som viktig både for Noreg og Europa, særleg med tanke på EU sitt store underskot på titanråstoff. Den mellombelse søknaden skal sendast på høyring.

Les også
Melder Nordic Mining til Økokrim

Les også
Har søkt om mellombels utsleppsløyve

Les også
– Vi trakkar heller på gassen enn på bremsene