– Me ventar på geolog som skal på synfaring no i morgontimane. Etter det vil det bli vurdert tiltak, fortel Arne Viken ved Vegtrafikksentralen til Sogn Avis tysdag morgon.
Seint måndag kveld rasa ein stor stein ned mellom Esebotn og Balestrand.
Verken personar eller køyretøy vart trefte av steinen.
Kva tid vegen kan opna igjen er førebels uvisst.
– Det blir ny vurdering klokka 12, seier Viken.
Det er sett i verk kriserute på ferjesambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes, den går også innom Balestrand.
– Korleis går det der i morgontimane?
– Me har førebels ikkje fått nokre meldingar derifrå.

Les også
Stor steinblokk sperrar vegen i Ese