Klokka 23 måndag kveld fekk politiet melding om at ein diger stein hadde rast ned på fylkesveg 55 ved Esebotn i Balestrand.
Verken personar eller køyretøy vart treft av steinen, men den gjorde store skader på vegen, som framleis er stengd.
Det er satt opp kriserute på ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes som går innom Balestrand, melder Vegtrafikksentralen.
Geolog er forventa på staden måndag føremiddag, seier trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen, Eirik Elnes, til NRK.
Han trur steinen må borast og sprengast for å få rydda vegbana, og er ikkje sikker på kor langt tid det vil ta.