Seint måndag kveld rasa det steinar og store blokker ned på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Esebotn.

Vegen vart umiddelbart stengt.

Ved lunsjtider tysdag var det geolog på staden.

– Det har vore oppe drone og konklusjonen var at det såg greitt ut. Området vart friskmeldt, seier byggjeleiar Skule Jacobsen hjå Vestland fylkeskommune, som eig vegen.

Les også

Frå seinvakt til englevakt: – Ekkelt


Må reparera vegen

Dermed er det ikkje umiddelbar fare for at meir rasar ut og at vegen kan ryddast og opna att.

I ettermiddag har steinblokka blitt sprengd.

– No er den vekke og ein jobbar med å reparera vegen att, seier Jacobsen.

Slik ser det ut i sleppområdet oppe i fjellsida.
Foto: Vestland fylkeskommune

Han seier vegen har sprokke tvers over og skubba rekkverket litt ut.

– Vegen må ordnast og det har kome folk med oljegrus, seier han.

Går alt etter planen, håpar Jacobsen at vegen er open att i 16-17-tida.

Les også

Fylkesveg 55 er stengd: – Ventar geolog til staden


Sette inn trafikkvakter

Jacobsen opplyser at trass i turisttrafikk, har trafikkavvikling med kriserute fungert greitt.

– Me fekk spørsmål om å setja inn trafikkvakter i Balestrand, og det har me gjort. Det er mykje turistar, trongt i sentrum og ferja har avgang til både Hella, Dragsvik og Vangsnes. Ferjemannskapet kan ikkje springa og snakka med alle sjåførar, seier Jacobsen.

Når vegen mellom Balestrand og Dragsvik opnar att, går ferjerutene tilbake til ordinær trafikkavvikling. Klokka 16.19 opplyser vegvesenet at fylkesvegen opnar klokka 17 tysdag.

Sjå oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen