(SOGN AVIS): Seint måndag kveld rasa det steinar og store blokker ned på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Esebotn.
Vegen vart umiddelbart stengt.
Ved lunsjtider tysdag var det geolog på staden.
– Det har vore oppe drone og konklusjonen var at det såg greitt ut. Området vart friskmeldt, seier byggjeleiar Skule Jacobsen hjå Vestland fylkeskommune, som eig vegen.

Les også
Frå seinvakt til englevakt: – Ekkelt
Må reparere vegen
Dermed er det ikkje umiddelbar fare for at meir rasar ut og at vegen kan ryddast og opne att.
I ettermiddag har steinblokka blitt sprengd.
– No er den vekke og ein jobbar med å reparere vegen att, seier Jacobsen.

Slik ser det ut i sleppområdet oppe i fjellsida.
Foto: Vestland fylkeskommune
Han seier vegen har sprokke tvers over og skubba rekkverket litt ut.
– Vegen må ordnast og det har kome folk med oljegrus, seier han.
Går alt etter planen, håpar Jacobsen at vegen er open att i 16–17-tida.
Fylkesveg 55 er stengd: – Ventar geolog til staden
Sette inn trafikkvakter
Jacobsen opplyser at trass i turisttrafikk, har trafikkavvikling med kriserute fungert greitt.
– Vi fekk spørsmål om å sette inn trafikkvakter i Balestrand, og det har vi gjort. Det er mykje turistar, trongt i sentrum og ferja har avgang til både Hella, Dragsvik og Vangsnes. Ferjemannskapet kan ikkje springe og snakke med alle sjåførar, seier Jacobsen.
Når vegen mellom Balestrand og Dragsvik opnar att, går ferjerutene tilbake til ordinær trafikkavvikling. Klokka 16.19 opplyser vegvesenet at fylkesvegen opnar klokka 17.00 tysdag.