Klokka 01.37 rykte ei politipatrulje ut til eit trafikkuhell i Flintavegen i Olden, der ein bil skal ha køyrt på ein parkert bil og forårsaka skadar.
– Det var ikkje meldt om personskade, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.
Hendinga førte til at trafikken måtte dirigerast forbi skadestaden, fram til bilen vart fjerna.
Mannen framstod som rusa, så politiet føretok ein promilletest på føraren, som er ein mann i 60-åra. Han blåste til over tillatne verdien, så han vart teken med til blodprøve.
– Sak blir oppretta , og førarkortet hans er blitt inndratt.
Les også
Bortviste valdeleg mann frå Førde sentrum

Les også
Dei frivillige har funne kvinna