Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde klokka 13.36 om at AMK om lag eit kvarter tidlegare hadde blitt varsla om ein bil utfor vegen på E39 Nordfjordvegen, nær Nordfjordeid.
Bilen er opplyst å stå på skrå i ei grøft, etter å ha køyrd ut i ein sving.
Prega av hendinga
Det skal ikkje ha vore andre enn føraren i bilen, som er ei kvinne i 50-åra.
Ambulanse og politi er på staden, og kvinna er opplyst å vere vaken og bevisst. Det er heller ikkje meldt om personskadar, men den involverte kvinna framstår noko prega av hendinga, skriv politiet.
Ho vert tilsett av helsepersonell.
Det har ikkje vore andre køyretøy involverte i utforkøyringa, og det er mogleg for anna trafikk å passere.
Blæs raudt
Like etter klokka 14, oppdaterer politiet med at kvinna som køyrde bilen har blåst over lovleg verdi på i alkometer, og at dei også skal gjennomføre ei blodprøve.
Det skal vere mindre materielle skadar på bilen, men ein treng bilbergar for å få den frå staden.
Kvinna vil bli teken til Førde sentralsjukehus for underøking og observasjon. Dette grunna at utforkøyringa skjedde i ei 80-sone.
Firda oppdaterer saka.