Operasjonssentralen i Vest Politidistrikt melde klokka 16.00 om ei trafikkulykke på Fjordavegen i Stad kommune.
Meldinga kom inn om lag ti minutt før, om ei trafikkulykke mellom ein bil og ein lastebil.
Brannvesenet er på staden og i kontakt med dei involverte, som er opplyst å vere tre personar. Alle desse skal vere uskadd.
Klokka 16.07 er også politiet på staden.
Bilbergar er tilkalla til staden.
Firda oppdaterer saka.