– Politiet fekk melding like før klokka 01 natt til søndag. Vektarane måtte kaste ut ein gjest som var valdeleg, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.
Mannen nekta å gi seg, og kom stadig tilbake for å prøve å komme seg inn igjen. Ei politipatrulje kom til staden, og tok kontakt med mannen.
– Han vart bortvist frå sentrum, fram til klokka 08 søndag morgon.
Om ein ikkje følger påbodet frå politiet, ventar normalt ein reaksjon i form av bot, eller ein tur i arresten. Mannen forheldt seg roleg, og politiet høyrde ikkje meir til han.
– Det blir ikkje oppretta sak frå politiets side.

Les også
Dei frivillige har funne kvinna
Les også
Køyrde utan lappen – enda i elva