Mot slutten av sist veke fekk politiet i Hardanger melding om ein sau som var biten av ein hund.

Det opplyser Petter Hammer ved Hardanger politistasjon.

– Det er oppretta sak, og eigar av hunden er meld til politiet, seier Hammer.

Hendinga skal ha skjedd torsdag i sist veke. Sauen måtte avlivast etter bitet.

– Folk må vere flinke til å bruke band og gje beskjed om dette til kvarandre, oppmodar Hammer.

Han håpar publikum vil gje beskjed til politiet dersom dei ser hundeeigarar som ikkje nyttar band på hundane sine i distriktet.