– Dei som har peiling, ser at det er ein bra «hiakk».

Det seier Lukas Skrede (23) med eit smil medan han ser bort på bilen sin.

Ein fin junikveld skin sola ned på den kvite lakken. På parkeringsplassen utanfor Knarvik senter står hjartebarnet til Skrede: Ein Toyota Hiace han har venta lenge med å få kloa i.

– Då eg såg han, tenkte eg: Der er han. Etter ein time var han min.

– Eg har ein draum om å køyra den til ørkenen i Vest-Sahara. Då er eg heilt åleine og må stola på det utstyret eg har med meg. Då er denne perfekt.
Foto: Sylvelin Bækken Toft

I juli i fjor fekk han endeleg nøklane til bilen, og med dei i handa byrja Skrede å drøyma om framtida.

Brenn for bilar

23-åringen vaks opp i Fana og har dei siste to åra studert til å verta trafikklærar på Nord universitet i Stjørdal. For tida bur han saman med kjærasten på Frekhaug og jobbar som sommarvikar for Villanger trafikkskule.

– Eg er utanom det vanlege. Eg brenn for bilar, seier han stolt og ser bort på varebilen sin.

Bilen har ein 2L-T motor, som i kombinasjon med firehjulstrekk gjer at han lett kan klatra opp bakkar.
Foto: Sylvelin Bækken Toft

Bilinteressa fekk Skrede inn på tanken om å verta trafikklærar, og Hiacen ønskjer han å bruka til undervisning i framtida.

– Eg vil at folk skal vere flinke på vegane. Her lærer dei seg bil og får ei anna innsikt i korleis det er å ta førarkort. Det er god læring i dei tronge gatene i Bergen sentrum.

– Det er eit fantastisk køyretøy som er praktisk i bruk og veldig lite feil på, seier Skrede.
Foto: Sylvelin Bækken Toft

Kontrasten til dei moderne skulebilane er stor, men Skrede trur framleis det er ei interesse for å ha køyreopplæringa i Hiacen.

– Det er nok mange karar med refleksjakker her ute i øyane som hadde likt det. Dei får ei moglegheit som aldri før har vore der. Eg trur det aldri har vore ein «hiakk» til skulebil før.

På sin sjuande Hiace

I den gamle travaren med lågt kilometertal, må Skrede gjere alt sjølv. Bilen er ikkje utstyrt med noko elektroniske system, berre ABS-bremser, airbag og trepunktsbelte. Alt Skrede treng av ein bil.

– Kva er gleda ved å køyra autopilot med cruisekontroll når ein kan gira til eit lågt gir opp Romarheimsdalen? spør han retorisk.

1998-modellen til Skrede er ein av få godt bevarte Hiace-bilar. Den førre eigaren var eit telekraftselskap i Stavanger som berre brukte bilen i sommarhalvåret.

Det er ikkje mykje rust å sjå på bilen til Skrede.
Foto: Sylvelin Bækken Toft

Då Skrede såg Finn-annonsen, måtte han slå til. Han hadde venta lenge på Hiace i slik god stand.

– Den er unik og jækla driftssikker. Dei fleste «hiakkar» er godt oppbrukte etter lang og tru teneste som varebil, men denne her er personbilregistrert. Det var rett opp med lommeboka og eg betalte med ein gong.

Å bytta clutch var det einaste Skrede måtte gjera då han kjøpte bilen.
Foto: Sylvelin Bækken Toft

Om vinteren står Hiacen i garasjen for å verna han mot saltet på vegane. Då har Skrede ein annan Hiace-bil på lur.

– Det er ei sær interesse. Har du først ein hiakk, så klarar du ikkje å kvitta deg med han. Eg er på min sjuande «hiakk» så langt, seier Skrede med ein latter.