Omfattande -smitte fører til mangel på slaktekyllingar, for liten tilgang på norsk kyllingkjøtt og tidenes første på kylling.

Importen kan passere eitt kilo per person ifølgje Landbruksdirektoratet og over åtte prosent av forbruket kan måtte dekkast av importkjøtt ut året.

Les også

Varslar ny rekord i import av kjøtt


Import og smitterisiko

Kylling er det normalt lite import av. Det er ikkje utan grunn.

Med importert kylling kan det ifølgje følgje både høgare smitterisiko og meir resistente bakteriar.

Kyllingimporten dekker dei fleste år ein halv til ein prosent av forbruket her i landet, men i år kan mangelen på norsk kylling føre til fem gonger høgare importdel enn vanleg ifølgje anslaga frå Landbruksdirektoratet.

Importbehovet på årsbasis er skissert til mellom 5000 og 6000 tonn, som svarar til rundt eitt kilo kyllingkjøtt per person her i landet.

Det er importert lite kylling så langt i år og importbehovet er venta å bli størst utover hausten.

Resultatet kan bli at opp mot åtte til ti prosent av etterspørselen må dekkast med importert kylling i andre halvår.

Dei siste 25 åra har importen av kylling berre unntaksvis passert 1000 tonn i året, som svarar til under 200 gram per person årleg.

Les også

Smitte-utbrot gir kutt i kjøtt-toll


– Meir resistens

Meir bruk av antibiotika i utlandet fører ifølgje Mattilsynet til at førekomsten av resistente bakteriar kan vere større i importert kyllingkjøtt.

«Noreg har eit lågt forbruk av antibiotika i husdyrproduksjonen. Lågt antibiotikabruk gir mindre risiko for resistente bakteriar (antibiotikaresistens), mens høgare bruk av antibiotika gir auka risiko for utvikling av resistente bakteriar», skriv Randi Edvardsen, seniorrådgjevar i seksjon for biologisk mattryggleik i Mattilsynet, i ein e-post til Nationen formidla gjennom presseavdelinga.

Edvardsen viser til at overvakingsprogram her i landet viser låg førekomst av på dyr og i mat produsert i Norge.

«Det betyr ikkje at all importert kylling inneheld resistente bakteriar, men førekomsten av resistente bakteriar kan være større frå land med større antibiotikabruk i fjørfeproduksjonen enn i Noreg», uttalar Edvardsen, som viser til at god kjøkkenhygiene og gjennomsteiking reduserer risikoen for smitte uavhengig av kor kjøttet kjem frå.

Les også

Mattilsynet fryktar større smitterisiko frå gourmetkylling


– Høgare smitterisiko

Risikoen for å bli smitta av bakterien , som er den vanlegaste årsaka til matboren sjukdom i Europa, er ifølgje Mattilsynet også større frå importert kylling enn frå norsk.

«Noreg har lågare førekomst av Campylobacter hos slaktekylling enn dei fleste andre europeiske land. Dette kjem blant anna av den nasjonale handlingsplanen mot Campylobacter, som har som mål å redusere forbrukarane si eksponering for bakterien gjennom norsk slaktekylling», skriv Edvardsen og viser til høgare risiko frå importert kylling.

«Som følgje av dette er risikoen for at importert kylling er med Campylobacter generelt høgare enn for norskprodusert kylling», skriv ho.

Risikoen for at importert kylling er kontaminert med Campylobacter generelt høgare enn for norskprodusert kylling

Randi Edvardsen, seniorrådgiver i biologisk mattrygghet i Mattilsynet

Norge er eitt av få land i verda som har status som fritt for salmonella. Der er derfor også særskilde krav knytt til import av kjøtt for å sikre at produkta er frie for salmonella.

«For alt kjøtt frå storfe, svin og fjørfe som blir innført til Norge, må du derfor dokumentere at produkta er fri for salmonella», skriv Edvardsen.

Ved import av desse kjøttslaga frå EØS-land eller såkalla «tredjeland» skal det ifølgje Mattilsynet derfor leggast fram eit salmonellasertifikat som bekreftar at partiet er testa og funne fritt for salmonella. Det skal ifølgje Mattilsynet bidra til å ta ned risikoen for salmonella frå importert kjøtt.

«Dette bidreg til at importert fjørfekjøtt har same status når det gjeld salmonella som norskprodusert fjørfekjøtt», skriv Edvardsen.

Les også

Treig postgang trugar tiltak mot smitte frå kylling

daggamle kyllinger av typen Ross 308. Slaktekylling.

Lågt forbruk av antibiotika og særeigne tiltak mot bakterien Campylobacter fører til mindre smitterisiko frå norske kyllingar enn frå importerte, ifølgje Mattilsynet.
Foto: Camilla Mellemstrand

Gir råd om smittetiltak

Mattilsynet går ut med råd til forbrukarar om tiltak for å redusere risiko for å bli smitta med mellom anna Campylobacter frå importert kylling.

Slik kan smitterisikoen gå ned, ifølgje Mattilsynet:

  • Vask hender og utstyr godt etter kontakt med rått kjøtt
  • Unngå å overføre smitte til andre varer / overflater
  • Gjennomsteik kjøttet

«God kjøkkenhygiene er derfor viktig når du handterer alt rått fjørfekjøtt. Dette inneber blant anna å unngå krysskontaminering, vaske hender og utstyr grundig etter kontakt med rått kjøtt, og sørge for at kjøttet er gjennomsteikt før det blir ete», skriv Edvardsen i Mattilsynet.

Ho seier Mattilsynet gir dei same råda om god kjøkkenhygiene ved handtering av rått fjørfekjøtt anten kjøttet er importert eller ikkje.

«Dette inneber blant anna at du må unngå krysskontaminering, vaske hender og utstyr grundig etter kontakt med rått kjøtt, og sørge for at kjøttet er gjennomsteikt før du et det», skriv ho.

Edvardsen seier Mattilsynet ikkje har vore involvert i prosessen som førte til opning for meir import av kylling. Ho viser til at det blir regulert av Landbruksdirektoratet.

På spørsmål om Mattilsynet vil føreta seg noko knytt til at importen av kyllingkjøtt er venta å auke kraftig i år, så svarar Edvardsen slik:

«Mattilsynet har nyleg oppdatert rettleiingsmateriell og informasjon om salmonellagarantien på nettsidene våre. Mattilsynet fører risikobasert tilsyn, og vurderar fortløpande om det er behov for fleire tiltak», skriv ho.

Les også

Smitteutbrot gir mangel på kylling