Det fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Litt over klokka 15.00 gjekk alarmen hos naudetatane om at det brann i eit trebygg med låve og bustadeining i Flåm. Alle personane som var i bygget kom seg ut, men to av dei måtte få helsesjekk etter å ha pusta inn røyk.

Brannen spreidde seg fort frå første etasje til bustadeininga i andre etasje. Det var ikkje fare for spreiing til andre bygg i nærleiken, opplyste brannvesenet.

Rundt halv fem var brannen sløkt.

– Vi opprettar sak, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.