Debattinnlegg

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Etter Jonas Gahr Støre sitt famøse utspel, og gjeldande skjenkereglane for barar og andre utestadar vart lagt til side så lenge det blir spelt VM-kampar i USA, gjekk no Haakon Riekeles frå Venstre hardt ut i Dax18 og vil forlengje ordninga, eller gjere ho permanent.

I fylgje han er skadeverknadane av desse endringane meir eller mindre fråverande.

Kanskje litt tidleg gjere opp fasit? Ekte statistikk syner at store idrettsmeisterskap aukar faren for alkoholrelatert vald i heimen.

Men Riekeles meiner det var feil å skyve ungane framfor seg i denne debatten. Meirbelastninga på politiet ser han og på som bagatellmessig. Dessutan er naudetatane til for å rydde opp i bråk.

Han meiner og at majoriteten av folkemengda i Oslo etter Brasilkampen var edru. Ettersom det var 100.000 som møtte vel eg og å tru at ikkje alle var drita.

Det eg har høyrd etterspurd, og då i hovudsak i dei store byane, er arrangement som er tilpassa barn, utan skjenking og aldersbegrensingar. Store fellesarenaer der familiane kan ta med seg ungane sine og sjå kampane på storskjerm i lag.

Det håpar eg vil gjelde eventuelle arrangement i Sogndal!