Tre vaksne personar gjekk seg fast i fjellet natt til fredag.
Turfølgjet var på klatretur på Skagastølstindane, og hadde vore på tur sidan torsdag morgon.
Politiet meldte klokka 05.35 att dei ikkje kom seg vidare, og at det var sett i gang redningsaksjon.
Dei tre skal ikkje ha vore skadde, men veldig slitne.
Hovudredningssentralen vart varsla og det vart kalla ut frivillige for å hjelpa dei ned frå fjellet. Klokka 06 var helikopteret på plass og hadde gjort observasjonar av turfølgjet.
Klokka 06.30 var dei blitt frakta til Turtagrø.