Hovudforklaringa på resultatnedgangen er låge prisar på silisium og ferrosilisium.
Dei viktigaste tala frå kvartalsrapporten er:
- Brutto driftsresultat (EBITDA): 523 millionar kroner, ned 19 prosent frå same periode i fjor.
- Driftsinntekter: 3,7 milliardar kroner, ein nedgang på fire prosent.
- Resultat før skatt: Minus 45 millionar kroner, mot minus fem millionar kroner i same periode i fjor.
Saka vart først omtalt i E24.
For å styrkje lønsemda sette Elkem i mars i gang eit omfattande kostnadskuttprogram. Opphavleg var målet å redusere bemanninga globalt med om lag 300 årsverk, men selskapet ventar no å kutte nærare 400.
Tiltaka er venta å gi årlege innsparingar på over 600 millionar kroner.
Elkem har fabrikk i Svelgen, Bremanger. Der jobbar det i dag 230 tilsette.
Nasjonalt har selskapet kring 1500 tilsette, fordelt på fleire fabrikkar og hovudkontoret i Oslo.
Selskapet har òg henta inn 1,8 milliardar kroner i ny eigenkapital og refinansiert bankfasilitetane sine. Den islandske verksemda, Elkem Iceland, er no klassifisert som «avvikla verksemd» etter svake resultat.
Det skjer òg endringar i konsernleiinga. Frå 3. august tek Dag Teigland over som konsernsjef etter Helge Aasen, som har leia Elkem sidan 2009. Samstundes tek Aasen over som styreleiar.

Les også
Sjuåring stod oppreist mellom framseta
Les også
AG Tunnel er konkurs

Les også
Endå ein storkontrakt for Hyen-bedrifta