– Det har generelt vore ei roleg natt for heile politidistriktet, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Sogn Avis.
Til og med i Bergen sentrum har det vore lite folk ute, og det har heller ikkje vore registrert oppdrag knytt til verken Countryfestivalen på Breim, eller på Tysnesfest
Førebudd på mykje menneske
– Det blir truleg ein stor festkveld i dag laurdag. Korleis førebur de dykk til det i politiet?
– Me er førebudd på mykje menneske i det offentlege rom, både i Bergen sentrum og andre delar av distriktet, seier Halleraker.
Han peiker på at det for tida går føre seg fleire festivalar, i tillegg til arrangement ute denne helga. I tillegg er det natt til søndag, og ei stor nasjonal hending der Noreg skal spela mot England i VM.
– Politiet har teke omsyn til det, og gjort grep i forhold til bemanning. Tilrådinga vår er at folk nyttar det fine vêret, og viser omsyn til andre. Det vil truleg vera folk ute i alle aldersgrupper, seier operasjonsleiaren.