Debattinnlegg
Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kan politikken trumfe Høgsterett sin dom?
I så fall er dette nytt for oss, og truleg dei fleste. Dette grip inn i vår rettspleie. Då siktar vi til Førdefjorden der Høgsterett i juni månad dømde dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden i strid med lovverket. Drifta er ulovleg.
Likevel vil statsråd Bjelland Eriksen vurdere søknaden på nytt, og det viser seg at han no har gjeve Nordic Mining fortsatt høve til å dumpe avfallet, som ei midlertidig løysing. Det gjer visst ikkje så stor skade om dei får halde på nokre månader til, slik at søknaden kan vurderast på nytt. Snakk om hovmod. Det å skade naturen betyr ingen ting i forhold til arbeidsplassar. Arbeidsplassar her og no – kva då med etterslekta? Er ikkje søknaden vurdert godt nok i Høgsterett? Skadeleg gruvedrift kan ikkje trumfe arbeidsplassar eller reint vatn.
Løyvet for dumping av avfall i fjorden er vel gjeve ut i frå den billigaste løysinga? Det er andre måtar å løysa dette på. Avfallet har ein nytteverdi som sjeldan vert nemnt. Prisen i dag – ja vel, men kva vert prisen for miljøet på lengre sikt?
Det ser ut til at departementet her vil kjøpa seg tid, kanskje finne fleire snubletrådar som antakeleg ikkje kjem noko ut av, men tida går. Statsråd, ikkje hal ut tida, respekter dommen.
Leiaren i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner rett og slett dette er forakt for rettsstaten, og vår rettsoppfatning. Norge har forpliktingar overfor EØS- avtalen. Dumpinga er ulovleg, og er ikkje rettsstaten verdig. Det er lett å vera samd i det.
Dersom myndigheitene ikkje respekterer dom frå vår høgste domstol, kvar er vi då? Kva vil dette bety for framtida? Skal fleire fjordar og elver leggjast brakk?
Skal vårt rettssamfunn drukne i Førdefjorden med ein minister som kaptein?