Like før klokka halv tre natt til søndag hamna ein bil i Tyssedalsvatnet på fv. 609 i ytre Fjaler.
Det var tre menn i bilen, og alle kom seg ut og fekk varsla AMK.
Føraren, ein mann i tenåra, blei henta av luftambulanse og flogen til Førde sentralsjukehus. Han skal ikkje vere alvorleg skadd, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.
Passasjerane er uskadde.
– Førar er mistenkt for køyring i rusa tilstand, seier Rebnord.
Bilen ligg framleis i Tyssedalsvatnet og skal hevast seinare søndag.
Politiet opprettar sak.