E16 Gudvangatunnelen i Aurland vart stengd på grunn av ei trafikkulykke søndag.

Politiet melde om hendinga klokka 15.23.

Ein motorsykkel hadde køyrt i fjellveggen inne i tunnelen. Som følgje av ulykka varr også Flenjatunnelen stengd.

Alle naudetatane rykte ut. Føraren var meldt å vere vaken, men hadde smerter i skulder og arm.

Klokka 16.06 opplyste 110 Vest at det var to MC’ar involvert i ulykka.

– Brannvesenet og ambulanse er framme på staden. Helse tek seg av personane og brannvesenet sikrar og ryddar vegbana slik at tunnelen snart kan opne, seier vaktkommandør Svein Erik Reistad.

Klokka 16.23 var vegen open att for fri ferdsel.