Ein motorsykkel har køyrd i fjellveggen inne i Gudvangatunnelen på E16.

Det melder Vest politidistrikt klokka 15:24.

Operasjonsleiar Tatjana Knappen opplyser at føraren er vaken og bevisst. Han skal ha smerter i skulder/arm.

Både Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen var stengde som følgje av ulukka.

– Det er ein mann i 20-åra som er skadd. Både politi, brannvesen og ambulanse er på staden, opplyser Knappen til Sogn Avis i 16-tida.

Føraren var i eit følgje på to motorsyklar då ulukka skjedde.

Det vart først bestilt luftambulanse til staden, men den vart avbroten då det var klart at pasienten sin tilstand er stabil. Ambulanse fraktar han til sjukehus.

– No blir det også meldt at vegbana skal vera rydda slik at tunnelen kan opna snart, seier Knappen.

Klokka 16:22 melder Vegtrafikksentralen at tunnelane er opne att for fri ferdsel.

Køen strekkjer seg til Flenjatunnelen og mot Flåm.
Foto: Vegkamera Statens vegvesen