Katarina Hemlin frå Umeå og Amanda Henriksson frå Helsingfors er dei to andre kraftdamene.
Når Amanda i tillegg har med seg dei seks andre medlemmene i det finske folkrockbandet Mandys Nyckel, blir dette ei unik konsertpakke og ein turné som dei altså har døypt «Nordliga vindar».
Fridom og fellesskap
I sin eigen omtale av turneen skriv dei at dette er ein turné som feirar fridomen til å kunna ytra seg fritt, som menneske framfor kjønn, og som knyt dette saman til ein felles nordisk forteljartradisjon. Dei spelar, enkeltvis og saman, eige materiale om «livets mange små og store mysterium, universelle spørsmål og om det stadig yrande kjenslelivet.»
Etter å ha opplevd ein intim og energisk konsert med dei tre artistane i Oslo, må det vera lov å seia at dette nettopp om fridom og fellesskap. Og det levert med ei speleglede og ein energi som fortel kor glade me skal vera for dette nordiske fellesskapet og kor viktig det er at nokon gjer slike ting for å ta vare på det.

Vokalist Margareta Eklund i Mandys Nyckel under konserten i Oslo.
Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Lokal stjerne
Det starta på svensk heimebane, i Gøteborg der Katarina Hemlin er vorten lokal visestjerne etter at ho skreiv, framførte og spelte inn songen «Vi vill leva, vi vill dö i Göteborg» til byens 400-årsjubileum i 2023.
Vidare har Nordliga vindar vore innom Borås, Gamlebyen i Fredrikstad og no sist Oslo. Turneen blir avslutta første veka i august, i den finsk-svenske delen av Finland med minst tre konsertar. Om det blir meir etter det, veit ingen i dag, men ingen utelukkar noko som helst etter responsen på dei intime konsertane som har vore.
Nynorsk er mjukare
Tittelen på denne saka peikar mot eit anna felles, nordisk prosjekt som mange vil kjenna til – nemleg podkasten og radioprogrammet «Norsken, svensken og dansken» under leiing av Hilde Sandvik.
Spørsmålet til dei tre hovudpersonane blir sjølvsagt korleis det språklege går, ikkje minst dette med dialekta og dei nynorske tekstane frå Liv Kreken.
Ifølgje Amanda er det ikkje noko problem for dei. I den svensktalande delen av Finland forstår dei dialektar frå Noreg og dei har ikkje hatt problem med tekstane frå Liv, som seier at ho berre har fått spørsmål om eit par ord frå medlemene i bandet.
– Nynorsk er mjukare enn bokmål og passar slik sett oss mykje betre, konstaterer Katarina.
– For meg er det nynorsk og dialekt som gjeld, og det har vore ei sann glede å oppleva at eg kan framføre tekstane mine nett som dei er, at dei to andre er med på dei, men ikkje minst at eg får oppleva å spela saman med eit band som dette, seier Liv Kreken.

Liv Kreken syng på sognamål og nynorsk og det går heilt fint kringom i Norden.
Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Utruleg moro
Viseveteranen frå Jostedal er seniorrådgjevar i musikkseksjonen på Nasjonalbiblioteket og har solid bakgrunn både som songar, tekstforfattar og komponist. Ho har gitt ut fleire album og halde mange konsertar rundt om i heile Norden og har mellom anna fått Nye Skalders ærespris, men ho har ikkje vore på turné sidan rundt 2013.
– Dette har berre vore utruleg moro, me har levd tett på kvarandre i fleire veker no og er vorte vener for livet, seier Liv, som er stolt over å vera med på opplegg som har som mål å knyta nordiske naboar tettare saman.
– Korleis kom du inn i denne nordiske vinden?
– Dei siste åra har eg vore ei gong i året i Sverige for å halde føredrag om norsk visehistorie. For eit par år sidan starta Katarina og Mandys Nyckel eit samarbeid som Katarina etter kvart meinte burde inkludere nokon frå eit tredje nordisk land. Ho kjende til meg på grunn av desse føredraga, og eg sa sjølvsagt ja med ein gong eg fekk spørsmål frå ho, seier Liv og gir Katarina ein god klem.
– Saman tykkjer eg at me har klart å få til det me tenkte, nemleg å slå eit skikkeleg slag for den felles nordiske vise- og forteljartradisjonen, seier Katarina Hemlin til Nynorsk pressekontor etter ein intens, energisk og både tankevekkjande og gledespreiande konsert med tre-fire låtar frå kvar av artistane – nokre av dei framførte som samla eitt lag – eller som ein nordisk vind.
(©NPK)