Tysdag 14. juli
Kl. 09.00 – Tur og kultur: Nipedag
Flora Turlag har ikkje teke ferie. Tvert i mot, dei inviterer til Nipedag, der turen går frå rasteplassen ovanfor Eikefjord til Eikefjordstøylen, Knollande, over Oksedalen, Nipevatnet, Skreene, Flatenipa, Likkjevatnet, Strandanipa, Hovlandsstølen og ned att til rasteplassen. Eg blei sliten berre av å skrive det, men for dei som likar å gå i fjellet er det truleg om lag så bra som det kan få bli!
Turen tek sju-åtte timar, og det er oppmøte og avreise frå parkeringsplassen på Evja klokka 09.00. Turleiar er Ove Hatleset, og vil du vere med må du melde deg på innan klokka 20.00 kvelden før.
Kl. 11.00 – Barnas Kystmuseum og båtbyggjarverkstad
Her skjer det som mange har venta på, skriv dei sjølv i det minste: Ingen ordentleg «Barnas kystmuseum» utan ein båtbyggjarverkstad! Hit kan du kome og bygge di eiga jekt med mast og segl, eller fargeleggje ein færing og henge den opp i Nordfjordbåt-utstillinga. Aktiviteten er tilgjengeleg heilt fram til dei stenger klokka 17.00.
Det er kjekke aktivitetar for dei yngste kvar tysdag i heile juli. Gratis for barn, men vaksne må betale ein inngangsbillett.
Onsdag 15. juli
Kl. 13.00 – Teater på biblioteket i Svelgen
Teaterstykket Raudhette står på programmet på biblioteket i Svelgen. Det er gratis for alle, men passar best for born som er mellom fem og ti år gamle. Det er Thais Messillier og Therese Furstet som har regien, og arrangør saman med biblioteket er ECCO.
Torsdag 16. juli
Kl. 18.00 – Lisa og Lunden sin legendariske bursdagsquiz
Du er vant med å finne Lisa og Lunden sine legendariske quizar på kroa på Svanøy, men denne gongen er dei stolte over å invitere til quiz på Kjellarhuset. Ja, det er framleis på Svanøy då. Dei har toppa laget og fyrer i gang med temaet «bursdag», og kva er vel betre enn bursdag? Fint lite! Det vert levande musikk, praktiske og upraktiske oppgåver, og truleg er det vel nokon som har bursdag den dagen og. Dette blir truleg veldig kjekt, den gode og dårlege nyheita er at dei skriv på Facebook at det er utseld.
Dette er ein del av programmet til Svanøyveka, som startar opp tysdag 14. juli. Då er det mogleg å ta turen til Svanøy og ete femrettars middag kvar dag med lokale råvarer som laks, hjort og grønsaker i sesong. Det er og lunsj og grill kvar dag.
Fredag 17. juli
Kl. 16.05 Tur til Vingen
I sommar arrangerer Bremanger kommune faste turar til Vingenfeltet kvar fredag, frå og med 26. juni til og med 21. august. Du må melde deg på om du vil vere med, og det må vere minimum fire personar for at det skal bli tur. Dei har plass til 40 personar og to guidar. Les meir her: Turar til Vingen 2026
Kl. 19.00 – Stein Torleif Bjella – konsert
Han treng vel ingen nærmare presentasjon? Stein Torleif Bjella har blitt folkekjær og allemannseige, og har du ikkje sett han spele i levande live før har du no sjansen. Han spelar i Kulturlåven på Svanøy, og om ikkje det blir bra skal underteikna ete ein hatt eller noko liknande. I skrivande stund finn vi ingen ledige billettar på TicketCo, så her blir det nok fullt hus, slik det jo skal vere på Svanøy når det kjem storfint besøk.
På kino i Florø denne dagen:
- 18.00 – Vaiana
- 20:30 – The Oddyssey (NB: I skrivande stund er denne ikkje lagt ut på heimesida til kinoen, men det skjer truleg i løpet av måndag kveld)
På kino i Bremanger denne dagen:
Laurdag 18. juli
Kl. 10.00 – Barnas loppemarknad
Dette skjer i Florøhallen, mellom klokka 10 og 15. Her kan barna selje, byte eller gi bort leikar, spel, bøker og kle dei ikkje brukar lenger. Ta med det du vil kvitte deg med og bli med på ein morosam dag fylt med liv, handel og sommarstemning. Florø Sanitetsforening stiller og vil ha open kafé.
Det er Byen Vår Florø som er arrangør, og vil du vere med kan du melde deg på her: Barnas loppemarknad i Sommarbyen Florø
Kl. 20.00 – Kaidans i Stavang
Det er altså dans på kaia, og ikkje ein eller annan som heiter Kai som kjem for å danse. Det kan vere greitt å vite. Det er Ludviken som er arrangør, og det er Mini Jacks som skal sørge for den gode stemninga. Rykta fortel at dei leverer musikk for dei som likar sving, line dance eller rett og slett likar ein god allsong. Vêrmeldinga er lovande, men Ludviken har ein plan B om det skulle blir regn. Fest blir det uansett!
Kl. 20.00 – Eva Weel Skram – konsert
Pub og grill frå klokka 17, konsert klokka 20.00 med dyktige Eva Weel Skram. Det er på Svanøy det skjer denne helga, og Skram treng vel heller ikkje nokon større presentasjon. Ho har berre blitt betre og betre gjennom karrieren, med personlege tekstar og gode melodiar. Her har vi fått rapport om at det er selt godt med billettar, men framleis er det mogleg å skaffe seg billettar her.
På kino i Florø denne dagen:
Søndag 19. juli
På kino i Florø denne dagen:
- Kl. 16.00 – Superhunden Charlie
- Kl. 18.15 – Vaiana
- Kl. 20.45 – The Oddyssey (NB: I skrivande stund er denne ikkje lagt ut på heimesida til kinoen, men det skjer truleg i løpet av måndag kveld)
Vi tek ikkje alltid med gjentakande arrangement i vår oversikt. Du kan finne fleire arrangement på aktivitetskalenderen til Kinn kommune her: Friskus Kinn.
Aktivitetskalenderen til Bremanger finn du her: Foreiningar i Bremanger.
Er det noko vi har gløymt? Send e-post til redaksjon@firdaposten.no så legg vi det til så fort vi kan!