Det melder politiet i ei pressemelding måndag føremiddag. Namnet er frigjeve i samråd med familien til mannen.
Laurdag kveld rykte naudetatane ut etter melding om ei trafikkulykke. Ein mann vart erklært død på staden.
Det var 80 år gamle Leif Arne Molvik frå Eikangervåg som omkom i ulykka.
Frå starten av var det uklart kva som hadde hendt. Måndag fortalte politiadvokat Lene Skredderstuen Burmo at det er grunn til å tru at mannen allereie låg på bakken før ulykka skjedde.
Ein ung mann er sikta for aktlaus køyring. Politiet har ikkje mistanke om høg fart eller ruspåverknad. Etterforskinga handlar om å finne ut kva sjåføren såg og burde ha sett.