Klokka 15:47 torsdag ettermiddag fekk politiet melding om ei alvorleg trafikkulukke i Vågå kommune. Ein motorsyklist hadde køyrt utfor vegen etter eit samanstøyt med ein bil. Om lag to timar seinare bekrefta politiet at føraren var omkomen.

Politiet opplyser no at det var Amund Egdetveit (31) frå Voss som mista livet i ulukka. Dei pårørande er orienterte om at namnet blir frigjeve.

Skjedde i samband med forbikøyring

Seksjonsleiar Jørn Morten Sletta i Innlandet politidistrikt opplyser at den tragiske ulukka skjedde under eit forsøk på forbikøyring.

– Mannen var på veg til å køyra forbi ein bil. I samband med dette starta også ein annan bil ein forbikøyring. Då skjedde det eit samanstøyt mellom motorsyklisten og bilisten, forklarar Sletta.

Mannen frå Voss skal som fylgje av dette ha blitt pressa ut av vegen.

Det var tilfeldigvis ein lege i ein av dei fyrste bilane som kom til staden. Vedkomande starta raskt livreddande fyrstehjelp i lag med naudetatane, men livet stod diverre ikkje til å berga.

Var i turfylgje med familien

Mannen var på tur saman med eit større turfylgje då ulukka skjedde. To av personane i fylgjet er nære familiemedlemar av den avlidne.

– Det var sjølvsagt svært dramatisk for dei som var til staden, seier Sletta.

Førarkortbeslag og etterforsking

Politiet har oppretta sak og etterforskar hendinga vidare. Førarkortet til føraren av personbilen som var involvert i samanstøyten, er mellombels beslaglagt.

Krimteknikarar frå politiet rykte ut til ulukkesstaden torsdag kveld saman med Ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen. Dei gjorde undersøkingar på staden fram til klokka 02 natt til fredag.

Det skal ha vore fleire vitne til hendinga. Politiet jobbar no vidare med taktiske etterforskingsskritt, inkludert fleire vitneavhøyr og tekniske analysar, for å kartleggja det eksakte hendingsforløpet.

Les også

Dødsulukka: – Skjedde i samband med forbikøyring