E16 Seltatunnellen vart onsdag ettermiddag stengd grunna trafikkuhell. Det vart først meldt av Vegtrafikksentralen Vest på X klokka 16:17 onsdag ettermiddag.
Politiets operasjonssentral melde kort tidd etter at ulykka involverte ein lastebil og ein motorsykkel. Føraren av motorsykelen skal vere oppegåande, men motorsykkelen er ikkje køyrbar.
Politi og helsepersonell vart sendt til staden.
Seltatunnelen ligg mellom Borlaug og Lærdal.
Klokka 17:35 oppdaterer Vegtrafikksentralen om at tunnelen er open for trafikk etter bilberging.
Ikkje kollisjon
Politiets operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatjana Knappen, fortel klokka 17.36 at politiet også har avslutta på staden, og at det i dette høvet ikkje vert oppretta sak frå politiet si side.
Operasjonsleiaren fortel også at uhellet også synte seg å vere annleis enn det som var meldt innleiingsvis:
I starten framstod det som om uhellet involverte både ein MC og ein lastebil. Det fortel Knappen at ikkje er tilfelle.
– Det framstår ikkje som om det har vore noko samanstøyt mellom motorsykkelen og lastebilen. Det verkar å heller ha vore ein MC-velt, men at lastebilen var den første som kom til staden, seier operasjonsleiaren.
Føraren av motorsykkelen er no frakta til lokal legevakt.
– MC’en er også fjerna, og trafikken går no som normalt.