Styreleiar Johnny Tverberg bekreftar at utbyggingsavtalen med Kinn kommune er på plass. Ho blei signert i byrjinga av denne månaden.

Av utbyggingsavtalen går det elles fram at utbyggjar forpliktar seg til opprusting av Professor Gjelsvikveg aust for utbyggingsområdet, bygging av ny gang- og sykkelveg mot Vangsvegen, tursti mot Storevatnet og opprusting av friområde.

Byggeleiar i Consto, John Magne Grøneng, opplyser at dei første prefabrikerte betongelementa kjem i veke 33.

– Det er to bygg, så vi startar med A-blokka.

Når prosjektet når toppen, vil kring 30 personar vere i sving.

Siste oppdatering på nettsida er frå april, og viser at 28 av 39 leilegheiter no er selde. Det er hovudsakleg mindre og mellomstore einingar som framleis er ledige, men også ei på 120 m².

Sist Firdaposten skreiv om prosjektet var i november i fjor, då det var gjort styrevedtak om full oppstart av utbygginga. Då var det skissert innflytting mot slutten av 2027, og den tidsplanen står framleis ved lag, bekreftar Grøneng.