– Det er noko magisk med Flåm om sommaren.

Det seier Julie Aksnes Williams (24). Ho er i Bergen når Framtida ringer ho opp, men ho bur i Vatnahalsen, ein togtur opp frå Aurlandsfjorden og bygda Flåm.

– Det er jo ei turistbygd på godt og vondt, men det gode er at det er veldig multikulturelt. Du har den skikkelege norske kulturen med fjell og fjord, men så har du også folk frå heile verda som jobbar der.

Den siste tida har 24-åringen byrja å dele korleis det er å bu på fjellet, i den gamle familiehytta, der det ikkje går an å kome til med bil. Togturar på Flåmsbana og tryning på sykkel ned Rallarvegen blir sett av hundretusenar på TikTok-kontoen hennar.

@juliesislandlife

Seeing the landscape turn greener the furtther we go is just amazing🌿🏔️☀️🌸 #flamrailway #norway #nature #commute #remoteliving

♬ original sound – Ryan

Julie har vore involvert i turistlivet rundt Flåm så lenge ho kan hugse. Det var likevel ikkje opplagt at ho skulle ende opp i barndomsheimen sin.

– Når eg skulle flytte, så tenkte eg «Eg kjem ikkje til å kome tilbake».

Som tenåring drøymde ho om utlandet, reiser og eventyr. Ho hadde ein fordom om at dei som kom tilbake til heimbygda for å starte på vaksenlivet, hadde yrkesutdanning og hadde ikkje fått vore ute og sett og opplevd noko.

– Og det skulle ikkje bli meg.

Skuletog og høgfjellsidyll

Julie Aksnes Williams vaks opp på Vatnahalsen høgfjellshotell, som besteforeldra hennar hadde eigd sidan 80-talet. Ho vart trilla ned Rallarvegen på sykkel når ho skulle leverast i barnehagen, og Flåmsbana vart skuletoget hennar.