Til å markera Kom deg ut-dagen i Vannbassengan denne sundagen hadde Stavanger Turistforening og Barnas Turlag Dalane fått med seg ei rekke lokale lag og foreiningar som driv med friluftsliv og utandørsaktivitetar. Dermed blei dagen ein kombinasjon av tur- og aktivitetsdag – til stor glede for alle som liker at det skjer noko.

I Kjerketjødne var det rift om både kanoane og kajakkane. Therese Kristoffersen Haldma (7,5) var ikkje skeptisk til å bli sjøsett sjølv om kajakk ikkje er ein farkost ho er spesielt godt kjent med.

– Men eg kan padla. Eg har padla mykje på SUP-brett, forsikra ho og la av garde for å nå igjen venninna Sikke Osaland Pedersen (6,5).

Therese Kristoffersen Haldma (7,5), kajakk, kjerketjødne

KONTROLL PÅ ÅRA: Therese Kristoffersen Haldma (7,5) har padla på SUP-brett før og rekna ikkje med at det var verre å ta seg fram i kajakk.
Foto: Keth Odland

Brørne Simon (7) og Jakob (5) Blakstad Egeland var ferdige med sin kajakktur då DT trefte dei med kvar si grillpølse med sprøløk.

– Me har padla før. Ganske mykje, fortalde gutane om erfaringa har dei skaffa seg på Gaudland i Sokndal, der dei har vore på tur med Barnas Turlag fleire gonger.

Jakob (5) og Simon Blakstad Egeland (7)

FRILUFTSMAT: Jakob (5) og Simon Blakstad Egeland (7) fekk kvar si grillpølse med sprøløk etter kajakkturen på Kjerketjødne.
Foto: Keth Odland

Blant foreiningane som var i Vannbassengane for å presentera seg og aktivitetane sine, var Eigersund Frisbeegolfklubb. Erik Øen Svanøe (5) let seg freista til å prøva å treffa ei av korgene som var plasserte ut i skogen. Det var ikkje lett. Men å gi seg kom ikkje på tale.

Og den stae vinn som regel. Også i dette tilfellet. Kom ut deg ut-dagen blei dagen då Erik klarte å få sin første frisbee i korga. Dermed vanka det buff i premie.

Erik Øen Svanøe kastar frisbee, Daniel Eriksen frå Eigersund Frisbeegolfklubb

GAV IKKJE OPP: Erik Øen Svanøe (5) nekta å gi seg før han hadde fått ein av frisbeeane til Daniel Eriksen oppi korga.
Foto: Keth Odland

Speidarane var på plass med ei rekke ulike aktivitetar. Oddvar Aamodt si utfordring handla om rå kraft. Til bilen sin hadde han festa eit tau av samanbundne sykkelslangar – vel å merka godt brukte og med hol i. Så var det hal i og dra for å få bilen til å bevega seg. Men det gjekk ikkje.

– Bilen lar seg ikkje rikka. Dette er bare for gøy. Me har hatt denne aktiviteten i åtte år, både på Kom deg ut-dagen og på Sommar på Slettebø. Det er alltid populært. Men nå treng eg nye sykkelslangar. Eg må ta meg ein runde til sykkelbutikkane i byen og høyra om dei har nokon øydelagde eg kan få, smilte Aamodt, som er gruppeleiar i 1. Egersund.

Bla for å sjå fleire bilde frå Kom deg ut-dagen:

Hopp over karusellen.

  • Erik Øen Svanøe (5) hadde ingen planar om å gi seg før han hadde treft korga med ein av frisbeeane.

  • Til slutt trefte han, og då vanka det sjølvsagt premie på frisbeegolfdebutant Erik frå Daniel Eriksen i Eigersund frisbeegolfklubb.

  • Aryen Sido (8) prøver å flytta bilen til Oddvar Aamodt, gruppeleiar i 1. Egersund speidargruppe.

  • Også Aryen si søster og mor, Fatima og Berivan, var med på Kom deg ut-dagen i Vannbassengan.

  • Rakel Oftedal (9) (t.v.) og Henny Marie Westby (11) kom seg ikkje bare ut, dei kom seg òg uti. Jentene er frå Gjesdal og Drammen, men var sundag på besøk hjå Rakel si mormor og morfar i Egersund.

  • Soppbordet til Jærsoppen vekte interesse hos Hallvard Blakstad Egeland. Med seg har han Simon og Olivia.

  • Eit slags luftgevær, bare at prosjektilet er ei flaske med vatn som blir pumpa opp med luft. Bestemor Jorunn Hadland ser til at det går rett og trygt føre seg når Lars (3,5) pumpar.

  • Vatnet sprutar når Lars (3,5) fyrer av.

  • Therese Kristoffersen Haldma klar for kajakktur

  • Blant dei som ville ut på Kjerketjødne, var søstrene Mia (4) og Louise (2) Mæhle Ellingham. Med seg som båtførar hadde dei bestemor Helene Mæhle.

  • Mia, Louise og bestemor Helene Mæhle

Kom deg ut-dagen er ei god anledning for generasjonane til å vera saman ute i det fri. Ved eit bord i speidarleiren hadde tre blad Sagland tatt seg ein rast. Bestefar Thor Bernhard Sagland bur på Hovden, men er utflytt hedlandsbu og var i helga på bubiltur på gamle tomter.

BESTEFAR OG BEATRICE: Halvanna år gamle Beatrice har same etternamn som morfar Thor Berhard, nemleg Sagland. Sistnemnde er frå Helleland, men bur nå på Hovden.

– Veldig kjekt å kunna vera i lag med dotter og barnebarn på eit så flott opplegg som dette, syntest Thor Bernhard.

Éin grunn til å koma seg ut kan vera all den fine soppen som finst der ute. Også i Vannbassengan veks det mykje sopp, men dét er det mange som veit om, så du må vera utom deg om vil sikra deg litt.

– Det er mange som sankar sopp i Vannbassengan, veit Johan Tore Rødland i foreininga Jærsoppen.

Saman med Hilde Marie Dybing Johnsen sat han bak eit bord bugnande av ei rekke ulike soppsortar, klar til både å reklamera for og svara på spørsmål om sopp frå dei som hadde kome seg ut på sundag.

Éin av dei som stansa opp ved soppbordet for å sjå, spørja og lukta, var Hallvard Blakstad Egeland.

– Eg liker både å plukka og å eta sopp, men det blir mest av det siste. Eg skulle gått mykje meir på sopptur, beklaga han.

Trompetsopp og traktkantarell, og ikkje minst den aller beste, steinsoppen, er blant det han ser etter når han er på sanking.

Hallvard Blakstad Egeland, Jærsoppen ved Hilde Marie Dybing Johnsen og Johan Tore Rødland

SKOGENS DELIKATESSAR: Soppbordet til Hilde Marie Dybing Johnsen og Johan Tore Rødland frå Jærsoppen vekte interesse hos Hallvard Blakstad Egeland.
Foto: Keth Odland

– Korleis og til kva bruker du sopp?

– Sopp steikt i lag med løk som topping på pizza, saman med creme fraische; det er digg, det.