110 Vest melder klokka 12.30 om ei trafikkulykke på fjordavegen i Stryn.
Ulykka skal involvere ein ATV, vert det opplyst.
110 Vest skriv vidare at dei involverte personane skal vere oppegåande etter hendinga.
Meldinga kom inn til 110 Vest klokka 12.19, og brannmannskap skal no vere framme på staden.
Vaktleiar Børre Brekkvassmo ved 110 Vest fortel klokka 12.46 at det har vore to personar på ATV’en.
– Då brannmannskapet kom fram, stod ATV’en i grøfta, fortel Brekkvassmo, som legg til at begge dei to brukte hjelm.
Etter det vaktleiaren har fått opplyst skal ATV’en ha hatt ein fart på om lag 40 km/t. Det er 80-sone på staden.
Politiet er elles no på plass og har overteke. Brannmannskap bistår vidare med trafikkdirigering.
Klokka 13.32 melder Operasjonssentralen i Vest politidistrikt at føraren av ATV’en er ein mann i 30-åra, og passasjeren ei kvinne i 20-åra.
Kvinna vert teken med til lokal legevakt, for ein medisinsk sjekk, etter at ho blør frå eit kutt i ansiktet.
Det skal ikkje vere mistanke om køyring i påverka tilstand, melder politiet.
ATV’en er elles flytta ut av vegen, og naudetatane avsluttar på staden.
Det vert vidare oppretta sak frå politiet si side.