Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Like sikkert som at sommaren kjem, kjem også nyheitene om tap av sau til rovdyr. Like sikkert som at vedtak om skadefelling kjem, kjem også hetsen av og usaklege påstandar om bønder i sosiale media.
Det er forstemmande å sjå at dei som meiner vi ikkje skal ta ut eit einaste rovdyr kallar bønder for dumme, dei skuldar dei for ikkje å passe på dyra sine, dei påstår bøndene går på «trygd» og andre nedsettande og meir alvorlege kommentarar.
Den norske rovviltforvaltninga er basert på at vi skal legge til rette for ei tosidig målsetting. Det betyr at det skal kunne gå an å både ha bestandar av rovvilt og samtidig kunne drive norsk matproduksjon. Beiteressursane som ligg i utmarka er ein viktig ressurs for auka norsk matforsyning. Det er ei forvaltning basert på bestandsmål og ei soneforvaltning der rovdyr og beitedyr har ei noko ulik prioritering.
Historisk tok bøndene sjølve ut dei rovdyra som angrep dyra sine. I dag er det slik at det er strenge reguleringar for å kunne ta ut rovdyr. I praksis kan ikkje bøndene beskytte sauene sine, men er avhengige av eit storsamfunn som både ser og forstår kva tiltak som må setjast inn for å avgrense skader.
Når berre 3 % av Norge er dyrka jord og 40 % er utmarksbeite, seier det seg sjølv at vi vil svekke norsk matforsyning om vi ikkje forvaltar rovviltbestanden og legg utmarksbeitet brakk. Utmarksareala i ulvesona kan ikkje nyttast til beiting lenger og det er ein politikk vedteken av Stortinget. I sommar er det beiteprioriterte område i Trøndelag, Hedmark og Oppland som har opplevd store tap av sau til ulv, igjen. Det er uakseptabelt fordi det her skal vere prioritert for beite og matproduksjon. Det har vore store tap av sau til bjørn nord for Dovre og debattklimaet kring uttak av bjørnane som gjer skade har vore hardt.
Alle dei som klaskar på tastaturet et også mat kvar dag. Dersom vi ikkje regulerer rovviltbestanden i Norge vil etter kvart all matproduksjon basert på utmarksressursar bli borte. Da vil den norske sjølvforsyninga gå drastisk ned og det blir lite mat på bordet etter kvart.
I stor respekt for alle dei som 24/7 året rundt går i fjøset, dyrkar jorda og steller med dyra, bør vi heller sette oss inn i korleis dei jobbar for å få hjula til å gå rundt. I staden for å hetse bønder som mister sau til rovvilt bør vi ro for dei.