Søndag morgon vart det meldt om ei alvorleg klatreulykke i Luster, knytt til rapellering på Gjervasstind.

Les også

Alvorleg klatreulukke i Luster

Søndag ettermiddag melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt at den eine personen av eit følgje på to, no er stadfesta omkommen.

Etter klatreulykka, vert den eine av følgjet henta av redningshelikopter. Dette var kvinna, som også på dåverande tidspunkt var stadfesta omkommen. Pårørande var derimot då ikkje varsla.

Meldinga frå politiet søndag ettermiddag går ut, etter at politiet har lukkast med å varsle pårørande. Det er no opplyst at den omkomne er ei amerikansk kvinne i 20-åra.

Ho skal ha klatra saman med ei norsk kvinne i samme aldersgruppe, og begge vert skildra som erfarne klatrarar.

Firda oppdaterer saka.