Han og reiarlaget ønskjer å vere anonyme. For dei fryktar at dei kan bli utsette for liknande hendingar i framtida.

Skipperen fortel at det vart vanskeleg å styre båten, og at dette gradvis forverra seg.

– Når det vart på det verste, måtte vi gi oss. Vi avbraut fisket og gjekk lenger vekk frå delelinja.

Jamminga varte i fleire timar, og varierte i styrke. Og det gjentok seg dagen etter. I denne perioden var skipperen i kontakt med ein representant for norske styresmakter.

– Dei sa at dette var ei veldig kraftig jamming. Dei fortalde og at russarane set opp droneforsvarssystem, og at jamminga kanskje kunne knytast til testing av dette systemet. Og rett før det byrja passerte eit norsk kystvaktfartøy, så det kan også ha vore retta mot dei.

– Så du trur ikkje dette var retta mot norsk fiskeriaktivitet?

– Ikkje nødvendigvis, men det veit vi ikkje.

Stadfestar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) opplyser til Sunnmørsposten at dei har fått fleire rapportar om liknande hendingar.

– Vi kan stadfeste at det er rapportert fleire episodar i starten av august der fiskebåtar har opplevd bortfall av GPS. Dette er hendingar vi tek svært alvorleg, og som vi følger opp i dialog med både Kystvakta og andre styresmakter, uttaler avdelingsdirektør i Nkom, Espen Slette i ein e-post til Sunnmørsposten.


– Vi tek hendingane svært alvorleg, seier avdelingsdirektør Espen Slette i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. (Nkom).
Foto: Pressefoto/Nkom

– Kan dette knytast til testing av russisk droneforsvar?

– Vi kan ikkje stadfeste kva som var årsaka til dei rapporterte forstyrringane i starten av august, eller knyte dette til spesifikke aktivitetar. Nkom har ingen klare opplysingar om kjelda til forstyrringane.

– Er det grunn til å tru at norske fiskebåtar er direkte mål for fiendtlege handlingar av denne typen?

– Vi har ingen informasjon som tyder på at norske fiskefartøy eller nokre andre fartøy er spesifikke mål i desse tilfella. Det vi veit er at jamming av andre GPS-forstyrringar førekjem i luftrommet over Aust-Finnmark og Barentshavet, men vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka. Når det gjeld forstyrringane i luftrommet over Aust-Finnmark, så er dei lokaliserte til å kome frå Russland, og vi har sendt ei formell førespurnad til russiske styresmakter og bede om ei forklaring. Utover dette vart saka følgt opp gjennom dei internasjonale kanalane vi har tilgjengeleg, uttalar Espen Slette i Nkom.

Kystvakta har gjort testar

På bakgrunn av rapportane om GPS-forstyrringar hos fiskefartøy og andre fartøy i starten av august gjennomførte Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit eigne målingar i samarbeid med Kystvakta.

– Våre undersøkingar viste ingen teikn til GPS-forstyrringar i området i måleperioden, men vi følger situasjonen tett og vurderer behovet for nye målingar dersom forholda endrar seg. Vi ser svært alvorleg på alle meldingar om GPS-forstyrringar, fordi blokkering av slike signal er ulovleg og kan få alvorlege konsekvensar for sjøfart, beredskap og annan samfunnskritisk infrastruktur, uttalar avdelingsdirektør Espen Slette i Nkom.

– Korleis skal skipper/styrmenn agere dersom fartøyet vert utsett for jamming?

– Dersom eit fartøy opplever jamming eller andre GPS-forstyrringar, er det viktig å rapportere dette til Kystverket så snart som råd, og Kystverket vil igjen melde frå til Nkom. Vi oppmodar også fartøy til å ha gode reserveløysingar for navigasjon, for eksempel å nytte radar, visuell observasjon, papirkart, kompass og rutinar for navigasjon utan GPS. Regelmessig trening i alternativ navigasjon er viktig for å oppretthalde tryggleiken til sjøs, dersom elektroniske hjelpemiddel skulle falle ut.

Frårår fiske i russisk sone

Organisasjonen Fiskebåt har frårådd norske fartøy å fiske i russisk sone på grunn av den spente situasjonen. Frykta til norske fiskarar er å bli borda av russisk kystvakt på tynt grunnlag, og tatt inn til Murmansk.

– Vi følger dette rådet. Eg trur ikkje det er nokon som vil gå i russesona no, seier skipperen som Sunnmørsposten har snakka med.

Norge og Russland har i mange år samarbeidd om forvaltinga av fiskeressursane i Barentshavet, der torsk er den viktigaste bestanden. No står dette samarbeidet i fare. Norge har stengt ute trålarar frå to russiske reiarlag frå norske område, på grunn av mistankar om spionasje.

Utfordrar Svalbardsona?

Russiske styresmakter har uttalt at det kan få alvorlege konsekvensar dersom ikkje sanksjonane vert heva. Russarane truar mellom anna med å sette eigne kvotar i Barentshavet og i det som vert omtalt som internasjonalt farvatn.

Skipperen på trålaren som vart usett for jamming fryktar at det kan bli ein spent situasjon også i vernesona rundt Svalbard, der Norge sin rett til å regulere fisket er omstridd.

– Eg er redd for at russarane vil vise musklar i Svalbardsona. At dei byrjar å borde norske båtar. Det har vi sette tidlegare når det har vore konfliktar. Og då brukte dei krigsskip, ikkje kystvaktskip. Men vi må berre vente å sjå kva som skjer. Og det er vi som seglar på havet som må ta støyten.

– Tragisk om samarbeidet opphører Ber norske fartøy forlate russisk sone