Klokka 12.41 tysdag fekk politiet melding om ein person i eit vatn på Lyngneset i Gulen.
Ole Ronny Olsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, opplyste at vedkomande var medvitslaus då han blei tatt i land.
Luftambulanse kom raskt på staden.
– Etter kvart kom det fram at det moglegvis dreier seg om ei dykkarulykke, melde Olsen.
Personen blei etter kort tid erklært død på staden.
Avdøde er ein mann i 60-åra. Tysdag ettermiddag er politiet framleis på åstaden for å gjere undersøkingar.
– Det er førebels uklart kva som er årsaka til denne tragiske ulykka, melder Olsen.
Næraste familie er varsla.