110 Vest melder om brann i eit hus i Nedstevegen på Hafslo.

Tre personar skal ha vore ved eller i huset. Alle skal vera ute, melder Vest politidistrikt klokka 19.25 tysdag.

Slik ser brannen ut frå Stolpen.
Foto: Renate Sæle

Det skal ikkje vera personskadar. Alle naudetatar er på veg til staden.

– Me har fått melding om at det er full fyr gjennom taket på huset, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Han seier det førebels ikkje er spreiingsfare til anna enn skog og mogleg eit køyretøy i nærleiken.

Klokka 19.32 melder politiet at brannmannskap er framme på staden.

Sløkking pågår for fullt, ingen personar eller dyr er sakna.

Patruljen på staden melder at det er ein god del røyk fra bustadbrannen. Politiet oppmodar nærliggande bustader til å halde dører og vindauger lukka.

Like før klokka 20.00 melder operasjonsleiar Kolltveit at EL-verket er varsla og er på veg.