
Les også
Naudetatar rykkjer ut til melding om brann på Hafslo
Operasjonsleiar Frode Kolltveit melder at dei tre som var på staden var to kvinner i 20 og 30-åra og ein mann i 20-åra.
Saman med to naboar, som kom til for å spyla med slange, vert alle sjekka av helsepersonell ettersom dei har vore i eller ved delar av røyken.

Alle naudetatar er på staden.
Foto: Renate Sæle
Straum er kopla frå bustaden og sløkking pågår. Det er ikkje meldt om kontroll på brannen, skriv politiet.
Så langt er det heller ikkje avklart korleis brannen starta.
– Ingen personar i området har blitt evakuert, melder Kolltveit.
Sogn Avis sin reporter på staden melder at det brenn framleis godt i huset med opne flammar gjennom taket.

Her er det framleis opne flammar.
Foto: Renate Sæle
– Det er også ein del vind i området, retning Hafslo sentrum, seier Renate Sæle.
Ingen hus ligg så tett på at det er fare for spreiing, men der er ein del vegetasjon.
Klokka 20.38 melder operasjonssentralen at det framleis føregår sløkking, men så langt har ikkje brannen spreidd seg.