– Dette er ikkje noko nytt for oss. Dette har tillitsvalde og leiarar meldt frå om over tid.

Nestleiar i Sjukepleiarforbundet (NSF) Kai Øivind Brenden er skuffa, men ikkje overraska, når han får presentert den nye rapporten frå forskingsinstituttet NOVA.

Der kjem det fram at stadig omorganisering, færre på jobb og fleire eldre skapar eit aukande press på sjukepleiarane i heimetenesta i kommunane.

Halvparten av dei 1114 sjukepleiarane som har vore med i undersøkinga seier dei vurderer å slutta i jobben.

Les også

Aud (99) bor alene på gården – reiser rett hjem fra sykehuset


Meir arbeid, færre folk

På «gølvet» kjenner dei seg ogso att i dei dystre tala. Anne-Lene Gravli er tillitsvald for NSF i Nord-Odal kommune, og har lang fartstid i heimetenesta. Ho fortel om ein vanskeleg kvardag der ting skal gå stadig raskare.

– Det er klart det er ein kvardag prega av stress. Det er mange arbeidsoppgåver som skal verta utførte av færre på raskast mogleg tid, men omsorg tar den tida det tar.

Gravli fortel at arbeidskvardagen har endra seg mykje sidan ho byrja å arbeida på sjukeheim i 2001. Den gongen hadde dei tid til å ta med brukarane på utflukter og gjera andre aktivitetar saman. Det er heilt utelukka no.

Tillitsvald for NSF i Nord-Odal kommune Anne-Lene Gravli fortel om ein kvardag fylt av stress.
Foto: Privat

Pasientane som den gong hamna på sjukeheim, får i dag heller hjelp av heimetenesta.

– I dag har me mykje dårlegare pasientar som gjerne treng hjelp med både mat og medisin. Det krev tettare oppfølging.

I større kommunar, som til dømes dei store byane, er dette eit mindre problem. Der har ein gjerne spesialiserte institusjonar som tek seg av særskilde pasientgrupper. Det er det ikkje kapasitet til i kommunar som Nord-Odal.

– Dette er ein liten kommune der alle må gjera alt, seier Gravli.

Kvardagen er ogso særs uføreseieleg, fortel ho. Plutseleg kan det koma ein ny pasient som er utskriven frå sjukehus og treng hjelp, eller ein annan pasient vert akutt sjukare. Dei kan ganske enkelt ikkje vita frå veke til veke kor mange pasientar dei har og kor mykje hjelp dei treng.

Les også

Advarer etter ambulanse-mangel: Måtte frakte hjertepasient sittende i brannbil


Meir komplekse pasientar

I eit forsøk på å handtera den aukande delen av eldre i befolkninga, har kommunar over heile landet tydd til rask og omfattande omorganisering av helsetenesta. Samstundes er kommuneøkonomien mange stader særs dårleg, og omorganiseringa legg ofte til rette for større innsparingar.

Desse omorganiseringane er ein av hovudgrunnane sjukepleiarane peikar på når dei vil finna årsaker til det dårlege arbeidsmiljøet.

Nestleder Kai Øivind Brenden foran Stortinget

Nestleiar i NSF Kai Øivind Brenden er ikkje overraska over funna i rapporten.
Foto: Kristin Henriksen

Samstundes får dei stadig meir komplekse pasientar, fordi dei ogso på sjukehusa skal springa stadig fortare. Liggetida vert kortare, og komplekse pasientar flyttar heim for å få hjelp av heimetenesta.

– Dessutan overlever fleire lengre, men kan trenga varig hjelp. Me må førebu oss på framtida, men kommunane har dårleg økonomi og stramme budsjett, sukkar Brenden.

Det verste ein kan gjera no er det regjeringa føreslår

Kai Øivind Brenden, NSF

Ei av pasientgruppene sjukepleiarane i studien er særskild bekymra for, er dei med demens og kognitiv svikt. Nesten halvparten meinte denne gruppa ikkje vert vareteken godt nok.

– Dette er ei gruppe pasientar ein ikkje kan spara på, dei treng tid. Det er ein grunn til at dei ofte er på sjukeheim.

Vanskeleg å finna løysingar

Ikkje nok med at alt dette gjer at svært mange vurderer å finna seg ein annan jobb. Det fører ogso til rekrutteringsvanskar. Ogso dette er eit større problem i dei små kommunane.

Brenden i NSF er slett ikkje sikker på kva ein burde gjera for å fiksa alle desse problema, men ein ting meiner han me ikkje burde gjera.

– Det verste ein kan gjera no er det regjeringa føreslår, som er å fjerna kompetansekrav. Det fører til at kommunar i økonomiske vanskar vel billigare løysingar. Kanskje hyrar dei inn ufaglærte, og det vil ramma tenestene hardt.

Les også

Traktor på sju tonn kjørte over Tore (49)

Ein ting Brenden peikar på som han trur kan gjera ting litt betre er, kanskje noko paradoksalt, fleire leiarar. Dette er eit område mange kommunar har sett sitt snitt til å kutta i dei siste åra, noko Brenden meiner har ført til dårlegare administrering av tenestene.

– Leiarar har gjerne ikkje rammevilkår, men eit høgt kontrollspenn, som det heiter. Me har snakka med leiarar med over 120 tilsette under seg. Det seier seg sjølv at når dette er ei teneste som går døgnet rundt med turnus og mykje sjukdom, vert det nesten umogleg.

Han legg til at dette er noko medlemmane til fagforeininga ogso har meldt inn til dei, og at dette ser ut til å vera ei nokso universell oppfatning.

Gravli på si side meiner ein burde få attende støttefunksjonar ein har kutta dei siste tiåra.

– Me skulle hatt fleire av dei arbeider med til dømes servering eller HR, som ikkje nødvendigvis arbeider med pleie. Det hadde letta arbeidspresset på oss, seier ho.